Hopp til innhold

Blei millionærar på gründerselskap

For fem år sidan etablerte dei fire kameratane selskapet i ei kjellarstova på Ganddal. Nå har dei blitt kjøpt opp av Get-konsernet og har blitt gründermillionærar.

Sigbjørn Groven, Erik Stokkeland (på Ipad), Odd Eivind Evensen på videoskjerm og Bjarne Handeland.

Frå venstre: Sigbjørn Groven, Erik Stokkeland (på iPad), Odd Eivind Evensen (på videoskjerm) og Bjarne Handeland er dei fire gründerane i Futurehome.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Det byrja i ei kjellarstove på Ganddal i Sandnes. Erik Stokkeland hadde fått feriepengar og brukte opp det meste på eit avansert heimekinosystem.

Erik Stokkeland

Det var Erik Stokkeland som fekk idéen til selskapet, då han monterte heimekinosystemet sitt.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Då lærte han at det blei altfor mange fjernkontrollar å halde orden på, fortel Sigbjørn Groven, som også er ein av dei fire gründerane.

Det var det første steget på veg mot selskapet Futurehome. Selskapet som nå tilbyr ei internettbasert løysing for styring av mellom anna solskjerming og innetemperatur i hus og leilegheiter.

Suksesshistoria

Fredag blei det klårt at Get-konsernet har kjøpt opp 51 prosent av selskapet. Ingen av partane vil seie kor mykje som er betalt for kjøpet. Get er mest kjent for å vera ein internett- og kabel-TV-leverandør.

Øyvind Husby

Øyvind Husby er direktør for samfunnskontakt Get-konsernet. Han er også den nye styreleiaren i Futurehome.

Foto: Marianne Otterdahl-Jensen

– Me har samarbeida med Futurehome i to år nå. På den tida har me funne ut at deira tekniske løysing er den beste plattforma for oss å satse på vidare, seier direktør for samfunnskontakt i Get, Øyvind Husby.

Get har som mål å bli ein viktig leverandør til smarthus i framtida på området Internett of things (IoT). Det inkluderer også blant anna brann og innbrotsalarmar.

Gründerlivet

Dei fire gründerane frå Stavanger-området viste igjen første gongen då dei samla inn 1,5 millionar kroner i startkapital gjennom crowdfunding (crowdfunding er når enkeltpersonar går saman om å støtte eit prosjekt).

200 000 dollar er i boks for grunderbedrifta Future Home på Forus

Sigbjørn Groven og Erik Stokkeland etter at dei hadde samla inn 200 000 dollar, slik at dei kunne setja i gong produksjonen av produkta sine.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Gjennom eit opplegg på nettsida si fekk dei massevis av folk til å førehandsbetala, mot at dei skulle få produkta levert etter kvart.

Deretter har dei utvida til 18 tilsette og fått avtalar med fleire bustadbyggingsselskap.

Trass i salet av selskapet i dag, så er det ikkje noko stor feiring på gang.

– Me er ikkje så gode til å stansa opp og klappa oss sjølve på ryggen, seier Groven. Når me har nådd eitt mål, er me raske til å konsentrera oss om det neste, seier han.

Framtida

Nå har Futurehome seld 51 prosent av aksjane. Dei fire gründerane har blitt millionærar og dei har langt på veg lukkast med det som berre var ein idé for fem år sidan. Men det er det lite snakk om.

– I dag leverer me løysinga vår til 1500 familiar. Om fem år skal det talet vera 250 000, seier salssjef i selskapet, Sigbjørn Groven.

Dei fire grundarane i Future Home

Futurehome-gründerane for fem år sidan, då dei sette i gong.

Foto: Future Home

Og når det gjeld venskapen mellom dei fire, så meiner Bjarne Handeland at dei skal klare å halda på den.

– Av og til har me vore usamde, men me klarer å løysa det på ein profesjonell måte. understrekar han.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg