Hopp til innhold

Ingenting avgjort i hockey-NM

Stavanger Oiler kunne sikra seg kongepokalen i kveldens kamp mot Storhamar Dragons, men med tap er det duka for sluttfinale i Stavanger på laurdag.

Laster innhold, vennligst vent..

Etter halvspelt førsteperiode går heimelaget Storhamar Dragons i tet til stor glede for dei fleste supporterane i den fullsette OL-hallen.

Laga går til pause på stillinga 1–0.

– Tenningsnivået vårt må opp, noko som ikkje burde vera noko problem med tanke på at me kan avgjera det heile. Me kjem sterkare tilbake i andre periode, seier Oiler's Kristian Forsberg til TV2 før han går inn i garderoben.

– Skal ikkje gå på ny blemme

Målscoraren er godt nøgd så langt med kampen.

– Defensivt er det trygt, sjølv om me tar nokre unødvendige sjansar. Me skal ikkje gå på ei ny blemme når me har bydd opp til fest på Hamar, seier Storhamars Eirik Skadsdammen til TV2.

Dei første fem minutta i andre periode skjer det lite, men så fell ein av Storhamar sine spelarar, Peter Lorentzen snappar pucken og sett den enkelt i nettet. Med 1–1 på tavla er spenninga framleis på topp.

Storhamar får ein kjempesjanse når det står att åtte minutt av perioden, men dei klarer ikkje setja pucken inn bak Oilers si målvakt. Det er høg temperatur på banen og ein god del knuffing.

Mot slutten av andre periode går Storhamar nok ein gong opp i leiinga ved Patrick Baeaernhielm, og det er også stillinga når laga går til pause.

– Eg trur nok tredje periode vil bli ganske lik denne, men om me klarer å setja puckane nede på målvakta deira trur eg me kan scora både eitt og to mål til, seier Oilers sin Petter Solberg til TV2 etter andre periode.

Oilers-press

Kjempesjanse til Oilers fem minutt ut i tredje periode, men Soares får den ikkje inn.

Oilers er på hogget, dei får fleire skot på mål, men Storhamar gjer ein god jobb med å stenga buret.

Storhamar vinn og det er duka for sluttfinale i Stavanger på laurdag. Kampen gjekk altså ikkje heilt som Christian Dahl-Andersen spådde på førehand.

Flere nyheter fra Rogaland