NRK Meny
Normal

– Me avgjer alltid i den sjette kampen

Dei fire siste gongene Stavanger Oilers har vunne noregsmeisterskapen i ishockey, har dei vunne 4–2. Derfor er Christian Dahl-Andersen overbevist om at Oilers vinn kveldens finalekamp i Hamar, og tar med seg kongepokalen heim.

Oilers vant mot Lørenskog

Christian Dahl-Andersen er full av sjølvtillit før dagens finalekamp i ishockey.

Foto: Johansen, Carina / NTB Scanpix

– Eg gler meg til å fly heim med gullhjelm på hovudet, seier Christian Dahl-Andersen til NRK berre timar før det brakar laust med finalekamp nummer seks i Hamar.

Dersom Oilers vinn denne kampen, så vinn dei 4–2 i best av sju, og kan for fjerde år på rad kronast som Noreg sitt beste ishockeylag. Dahl-Andersen legg ikkje skjul på at han er overtruisk, og meiner at skjebnen allereie har avgjort kampen.

– Me avgjer alltid i kamp nummer seks. Då me låg under 2–1 sa eg at me kom til å vinna i kamp nummer seks, og her er me, seier han og smiler.

– Kjem ikkje gratis

Statistikken har han på si side, for både i 2010, 2012, 2013 og 2014 har Oilers blitt noregsmeistrar i kamp nummer seks. Men Dahl-Andersen vedgår at sigeren ikkje vil koma gratis.

– Me må vera aggressive og disiplinerte med puck. Storhamar er giftige når me slurver med puck og lar dei koma på overgang, så me må vera skjerpa på dette området.

Storhamar har vore i leiinga og har vist at dei er meir enn gode nok til å hamla opp med Stavanger-laget. Dahl-Andersen meiner at dei har lært mykje på finalekampane som har vore.

– Me er godt førebudde og kjenner oss bra. Me gjer aldri to dårlege kampar i eitt finalespel, så det blir bra i dag, seier han.

Snorre Hallem

KAPTEIN TILBAKE: Han vil truleg ikkje spela ei avgjerande rolle i dag, men han får lov til å vera med.

Foto: Siri Wichne Pedersen / NRK

Hallem på benken

Og med på laget får dei også kaptein Snorre Hallem som har vore lenge ute med skade.

Han er takksam for at han får vera med i dagens finalekamp mot gamleklubben Storhamar Dragons. Men etter eit langt skadeopphald, er han ikkje 100 prosent kampklar.

– Dette er siste bortekamp, og kanskje siste kampen i finalespelet. Eg får i alle fall lov å vera med på benken, sjølv om eg kanskje ikkje er god nok for laget. Det set eg utruleg stor pris på og eg gler meg veldig. Det er spesielt at det er på Hamar mot gamleklubben min, så det gler eg meg til, seier Hallem.

Og Dahl-Andersen er glad for å ha han tilbake.

– Det er herleg det. Hallem er viktig for laget og sjølv om han har vore ute har han heile tida vore med på trening. Han er også ein faktor i garderoben, så dette unner eg denne gamle mannen, seier han og ler.

Finalekampane

  1. Seier til Oilers på hjemmebane
  2. Dødt løp i hockeyduellen
  3. Thoresen: – Storhamar herjet med oss
  4. Oilers-siger på bortebane
  5. Dramatisk slutt då Oilers slo Storhamar