Hopp til innhold

Her er utsiktene for eit langt liv dårlegast

Nå kan du samanlikna alt frå forventa levealder til fare for mobbing heilt ned på bydelsnivå i dei norske storbyane.

Stavanger frå sjøen

STORHAUG I STAVANGER: Dersom du bur i Stavanger er det på Storhaug utsiktene for eit langt liv er dårlegast. Forventa levealder for menn på Storhaug er nesten fire år mindre enn i bydelen Hinna i same by.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Nå har Folkehelseinstituttet (FHI) gjort folkehelseprofilane tilgjengelege heilt ned på bydelsnivå i dei norske storbyane Stavanger, Trondheim, Bergen og Oslo. Dermed kan du med eit par tastetrykk finna ut korleis det står til med folkehelsa i nærområdet ditt.

Tidlegare har profilane vore tilgjengelege på kommunenivå, at ein nå går endå meir ned i detalj vil vera nyttig for styresmaktene når ein til dømes skal velja ut prioriterte område.

Store skilnader

Ved å samanlikna folkehelseprofilane finn ein raskt ut at det er store skilnader på folkehelsa frå bydel til bydel.

På Storhaug i Stavanger er til dømes den forventa levealderen berre 75,8 år for menn og 80,8 år for kvinner.

Samanliknar du med Hinna, som blir rekna som velstandsbydelen i Stavanger, er den forventa levealderen 79,5 år for menn og 83,3 år for kvinner. Altså har du utsikter til å leva nesten fire år lengre om du er mann i Hinna.

Forventa levealder i Stavanger

Bydel

Menn

Kvinner

Hundvåg

78,1

82,2

Tasta

78,6

83,3

Eiganes og Våland

78,7

83,6

Madla

79,3

83,3

Storhaug

75,8

80,8

Hillevåg

76,9

81,6

Hinna

79,5

83,3

Mangelfulle profilar

Ein kan også finna tal for levevanane til folk i dei ulike byane. Dette handlar om røyking og overvekt. Dei andre kategoriane for talstatistikken er folk, levekår, miljø, skule, helse og sjukdom.

Likevel er tala for bydelane framleis meir mangelfulle enn for kommunen sett under eitt.

FHI skriv likevel i ei pressemelding at det er viktig at indikatorane blir tolka i lys av lokal kunnskap og annan informasjon.