Hopp til innhold

Kornet kunne blitt dyrefôr – nå blir det tusenvis av brød

Kveitemjøl frå det våte Vestland er sjeldan vare. Men ein bonde på Jæren har vist at det går an.

Jon Lea i kornåkeren

RISIKOSPORT: Å dyrke matkorn på Jæren blir sett på som risikosport. Få dagar er så fine som denne.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Nå er det på veg ut til heile Rogaland, seier bonde Jon Lea.

Han er tydeleg stolt der han står på lageret på garden og gjer klar ein palle med eigenprodusert kveitemjøl.

For jærsk kveitemjøl er ikkje kvardagskost og nå er 30 tonn av mjølet frå Varhaug i Hå klart for butikkhyllene.

– Det blir kanonsvært. Nå kan folk berre baka.

Bonden sjølv hadde sine tvil. Det våte klimaet på Jæren kan gjera det utfordrande å få eit til eit tørt nok korn. Difor blir kornet herifrå som oftast brukt til dyrefôr og ikkje til å baka brød med.

– Vêret kan slå til. Og så er det viktig med kvalitet. Du kan få eit tørt korn, men det er ikkje sikkert det er kvalitet på det. Men tilbakemeldingane me har fått så langt er at det er eit godt proteininnhald og kvaliteten er bra, seier Lea.

John Lea på mjøllageret sitt

MANGE PALLAR: Dei blei mange tonn med matkveite av produksjonen til Jon Lea.

Foto: Odd Rune Kyllingstad

Han hadde vêret med seg då han satsa på matkorn for første gong. Det var ein sjanse å ta, men krigen i Ukraina og tørke i Europa gjorde det spesielt viktig for han å prøva i år.

– Kvart einaste kilo me et av norsk kveite er eit kilo som me ikkje tar frå folk som treng det ein annan stad i verda. Det er eit enkelt reknestykke. Me har ein klode og ei matskål, og den må me ta vare på, seier Lea.

Les også Verda treng mat. Så bonden Jon Lea satsar på å dyrka korn i risikoområde

Jon Lea og Arne Vagle

Testa kvaliteten

Kornet til Lea blei malt til mjøl hos Stangeland mølle i Sandnes. Dei har også testa bakekvaliteten på mjølet.

– Det verkar fint. Det er luftigare enn det eg hadde forventa og det har ein god smak, seier Jesper Hærup Olesen, som er salskonsulent og fagansvarleg for bakeriet hos Stangeland mølle.

Ferskt brød bakt med haustkveite frå Varhaug

TESTBRØD: Ferskt brød bakt med haustkveite frå Varhaug.

Foto: Odd Rune Kyllingstad

– Dette viser at dei gamle hadde rett, meiner Marianne Aareskjold, som er produksjon- og innkjøpssjef, Stangeland Mølle.

Ho har vore gira på prosjektet til Lea frå starten av, for lokalprodusert korn skulle dei gjerne hatt meir av.

– Då farfar dreiv mølla her fekk dei korn frå Jæren, dei køyrde ikkje land og strand for å henta det, seier ho.

Ho siktar til dagens situasjon. I dag hentar dei nemleg 99 prosent av kornet frå indre delar av Austlandet. Og det er ikkje tilfeldig.

Testbaking Stangeland mølle

TESTBAKARAR: Marianne Aareskjold og Jesper Hærup Olesen testbakar med mjølet frå kornet.

Foto: Kjersti Hetland

Politisk styrt utvikling

I 70 år har politikken i Noreg lagt til rette for at kornet primært skal produserast på Austlandet, medan bøndene i Rogaland skal halda på med fôrproduksjon og husdyrhald.

– Nå ser me at me kan få topp kvalitet på havre og kveite når me dyrkar på Jæren også, seier Aareskjold.

Stortingspolitikar Geir Pollestad frå Senterpartiet er imponert over Lea sin kornproduksjon, men ønsker ikkje å endra jordbrukspolitikken av den grunn.

Geir Pollestad (Sp)

Geir Pollestad, stortingsrepresentant frå Senterpartiet.

Foto: Odin Omland / NRK

– Det er heilt fint at nokon prøver å produsera matkorn i Rogaland, men eg trur ikkje me skal bruke dette som grunnlag for å skrota den landbrukspolitikken me har i dag.

Han meiner fordelinga som er i dag gir maksimal beredskap for landet og er best tilpassa klimaet i Noreg.

– Eg meiner me bør halda fast på husdyra i Rogaland, men det er ingen tvil om at det også er rom for noko meir matkornproduksjon her, seier han.

Håper fleire vil følge etter

Hos Stangeland Mølle håper dei at det gode resultatet vil lokka fleire bønder til å dyrka matkorn lokalt, slik at mølla kan henta eit større volum frå Jæren enn dei gjer i dag.

– Det er alltid kjekt med lokale heltar og så skal me også tenka på miljøet. Då er det ein enorm fordel å kunna henta kornet i nabolaget, seier Aareskjold.

Ein bonde har ho i alle fall med seg. Lea sådde nye haustkveite allereie i september.

Og sjølv om det sidan har vore fleire dagar med heftig regnvêr, har han trua på at neste års avling blir like bra.

– Nå må me berre ha ein grei vinter, tidleg vår, herleg sommar og ein fine haust, seier han optimistisk.

John Lea foran haustkveitekjelva på Skrettingland

Slik ser det ut på jordet til Jon Lea i dag. Haustkveiten er i jorda og det er godt med fukt.

Foto: Odd Rune Kyllingstad