Hopp til innhold

Asbestfunn gjer at kommunen må kontakta tilsette heilt tilbake til 1989

Fleire tilsette og lærlingar, som har jobba i brannvesenet i Eigersund dei siste 28 åra, skal få tilbod om helsesjekk etter funn av asbestfiber.

Tengsareidveien 3

ALLE MÅ UT: Det er i venstre del av Eigersund kommune sitt bygg i Tengsareidveien det blei funne asbest. Samstundes fann Arbeidstilsynet fleire alvorlege feil og manglar på heile bygget, som til dømes ròte og fråvær av ventilasjon. Derfor har dei gitt kommunen frist til 2. mai på å finna andre lokale til dei som jobbar her.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Bjørn Mikal Skadberg

Bjørn Mikal Skadberg er verneombod i Brannvesenet i Eigersund. Han er ein av fleire som må inn til helsesjekk etter funnet av asbest i bygget.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Me håper jo at me ikkje har fått noko i oss, seier Bjørn Mikal Skadberg. Han er feiar og verneombod i brannvesenet i Eigersund kommune.

Det er etter at Arbeidstilsynet i februar hadde tilsyn i bygget, som dei delar med seksjon for veg og utemiljø i Eigersund kommune, at det blei funne asbestfiber. Fibrane blei funne på golvet på eit loft som hovudsakleg har blitt brukt av feiarane.

– Dette er svært alvorleg. Etter det me har grunn til å tru kan asbesten ha vore der heilt sidan 1989, seier Guro Fykse, som er tilsynsleiar i Arbeidstilsynet.

Arbeidstilsynet fann fleire andre feil på bygget, i tillegg til asbestfunnet. Så gale står det til at dei om lag 20 personane som jobbar der må ut. Arbeidstilsynet krev at arbeidarane skal ha eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø innan andre mai.

I tillegg meiner Arbeidstilsynet at kommunen må gi helsesjekk til alle som kan ha blitt eksponert for asbesten

Kommunen legg seg flat

Det lovar rådmann Gro Anita Trøan at dei skal gjera. Sjølv om det vil vera eit stort arbeid å finna fram til dei som kan ha vore på loftet i den lange perioden.

Gro Anita Trøan

Rådmann i Eigersund, Gro Anita Trøan, beklagar til alle i kommunen som har jobba og jobbar i dårleg miljø. Ho seier at det er deira høgste prioritet å gi alle sine tilsette ein helsefremmande arbeidsplass.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det skal me sjølvsagt gjera. Det er viktig at me bruker lokalkunnskapen til dei som har jobba her lenge og brukar den dataen me har for å finna tilbake til dei som kan ha vore i direkte kontakt med asbesten, seier Trøan.

Arbeidstilsynet kritiserer kommunen for å ikkje ha gjort noko med bygget på eit tidlegare tidspunkt. Og sjølv om ikkje kommunen driv med asbestprøvar så legg ikkje Sven-Erik Åkerman, avdelingsingeniør for bygg og eigedom i Eigersund kommune, skjul på kven sitt ansvar det er å sørgja for gode arbeidsforhold for dei tilsette i kommunen.

– Me kan nok sjå i ettertid at me ikkje har hatt eit godt nok system for risikovurdering av arbeidet me driv med. Me skulle eigentleg ha funne avvika sjølv på eit tidlegare tidspunkt og gjort noko med dei. Det må me vera ærlege på, seier Åkerman.

Trøan beklagar dette for sine tilsette.

– På vegner av Egersund kommune beklagar eg ovanfor alle som har og har hatt for dårlege innemiljø og arbeidsforhold. Det er vårt oppdrag nummer ein å få til ein helsefremmande arbeidsplass for alle, seier rådmannen.

Virvlar ikkje opp

Sjølv om dei ser svært alvorleg på asbestfunnet gir heldigvis analysane av fibrane grunn til ein viss optimisme for dei som nå skal gjennom helsesjekk.

– Det er ikkje støv men fiber som er funne. Det virvlar ikkje opp så lett, så det er jo positivt, seier Skadberg.