Hopp til innhold

Norsk familie blei vitne til skytedrama i München

– Han tok opp ein pistol og skaut som ein gal mot folka som sprang nedover vegen, fortel Christian Nilsen frå Klepp i Rogaland. Saman med kone og barn gøymde dei seg i eit smug til skytinga var over.

Skyting i Munchen

Familien til Christian Nilsen såg då skytaren kom ut frå denne McDonalds-restauranten i München.

Foto: Twitter-bruker

Det som skulle vera ein roleg campingferie i Europa blei i dag svært dramatisk for Christian Nilsen og familien. Plutseleg høyrde dei fleire folk som hylte om lag 10 meter frå buss-skuret der dei sat og venta på bussen.

– Eg gjekk rett rundt hjørnet og såg at det kom fleire folk ut frå ein McDonalds-restaurant. Like etter kjem det ut ein mann som tek fram ein pistol og byrjar å skyta som ein gal mot folka. Heldigvis for oss sprang han i motsett retning av der me stod, fortel Nilsen.

Dette var i 18-tida då politiet fekk melding om skyting ved kjøpesenteret Olympia-Einkaufszentrum.

Christian og Jane Borlaug Nilsen

Christian og Jane Borlaug Nilsen er på bubilferie i Tyskland. Saman med sine to barn hamna dei i skytedramaet i München.

Foto: Privat

Høyr Christian Nilsen fortelja om dramatikken

Gøymde seg i smug

For Christian Nilsen blei hovudfokuset å få familien i tryggleik.

– Eg grabba med meg barna, så sprang me i den andre retninga. Me gøymde oss i eit smug til situasjonen hadde roa seg rundt oss, fortel han.

Dei gjekk deretter vidare vekk frå McDonalds-restauranten til ein bensinstasjon.

– Då høyrde me plutseleg nye skot og folk kom springande frå ei anna gate. Så det var fullstendig kaos, seier han.

Nå har dei kome seg ut frå byen fortel han.

Har gått innpå barna

Han fortel at hendinga har gjort stort inntrykk på familien. Som utanom Christian består av kona Jane Borlaug Nilsen og to barn på sju og tolv år.

– Det er nok barna det har gått mest innpå. For dei har dette vore ei veldig sterk oppleving, seier Nilsen.

Han legg til at familien er heldige som kom seg i tryggleik.

– Hadde mannen med pistolen gått den andre vegen så hadde truleg eg vore den første han hadde skote. Det er av og til lite som skil mellom liv og død, seier han.

Situasjonen var framleis kaotisk i München då NRK snakka med Nilsen. Nå er situasjonen avklart. Det var ein 18 år gamal tysk-iranar som først drap ni personar før han tok sitt eige liv. Bakgrunnen for skytinga er uviss.