Hopp til innhold

Her vert Haaland 700 kilo tung og får (tre) kvit drakt

Ingen veit kva farge Erling Braut Haaland vil ha på drakta neste sesong, men at han er ei stjerne for folk på Jæren er det ingen tvil om.

Kjetil Barane, ein skjeggete mann med briller, står med ei oransje motorsag og jobbar på Haalandstatuen. Det er ein tre meter høg statue i tre av Erling Braut Haaland. Bak han ser vi eit stillas og to byster av Haaland med ulike andletsuttrykk.

Kunstnar Kjetil Barane går laus på statuen av Erling Braut Haaland med motorsaga. Snart er det på tide med finpuss og kanskje maling av riktig drakt og nummer?

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Kunstnar Kjetil Barane går laus på statuen av Erling Braut Haaland med motorsaga. Snart er det på tide med finpuss og kanskje maling av riktig drakt og nummer?

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Det vert spekulert i alle retningar om kvar stjerna frå Bryne endar opp til sommaren. Uansett vert det neppe nokon stad i heimfylket Rogaland. (Det hadde i so fall vore ein sensasjon utan like).

Men éin Haaland skal i alle fall (truleg) bli på Jæren – i alle fall ei stund.

Men denne Haaland vil verte over tre meter høg og 700 kilo tung.

Les også Tror du dette er Erling Braut Haaland?

Haaland er i ferd med å dukke opp på ein svær vegg i Bryne sentrum

– Det er jo ei stor ære for meg

I ein skogflekk i Bryne sentrum, heimbyen til kanskje verdas største fotballstjerne nett no, står ein mann med ei motorsag.

Over han ruvar ein over tre meter høg statue som kan sjå ut som Haaland om du myser litt med auga.

Men ved sidan av finn ein dei første utkasta til fjeset statuen skal få. Då vert det ganske opplagt kven det skal bli til slutt.

– Det er jo ei stor ære for meg å få lov til å lage han som ein skulptur, det er skikkeleg tøft, seier multikunstnar Kjetil Barane – mannen med saga.

Byste i tre av Erling Braut Haaland.

Haaland har nett skåra mål og brølar av jubel.

Byste av Erling Braut Haaland i tre. Den står på eit stillas. Fjeset er alvorleg og med flott hår. I bakgrunnen ser vi den høge stokken der ein annan byste står.

Men han kan også vere presentabel på håret og fatta.

Byste av Erling Braut Haaland i tre står på ein høg stamme. Han har open munn og håret bak. Treet sprekk litt opp, ettersom det har tørka. I forgrunnen ser ein den store statuen kunstnaren jobbar på. Den har eit relativt blankt fjes enno.

Til slutt vil det nok bli ein kombinasjon som endar på den store statuen.

Kjetil Barane og dei tre Erling Braut Haalandane. Dei to bystene er skisser for korleis den store statuen i bakgrunnen kan kome til å sjå ut.

– Den vart eg veldig, veldig nøgd med, men det vart kanskje litt mykje med open munn. So eg satsar på at eg lagar denne typen andlet, men med den andre typen hår, seier Barane.

Men å lage byster av fotballspelarar kan vere skummelt. Både Luis Suárez og Mohamed Salah har fått nokre litt uheldige skulpturar laga av seg.

Og kven kan vel gløyme ein viss United-spelar frå Portugal som har fått ein eigen byste på flyplassen på Madeira?

FBL-POR-AIRPORT-RONALDO

Bysten av Cristiano Ronaldo som står på flyplassen på Madeira har vore kjelde til mang ein vits i åra sidan den vart sett opp.

Foto: FRANCISCO LEONG / AFP

Bryne-kunstnaren var litt usikker på å offentleggjere dei første utkasta av nett den grunnen, men er viss på at den ferdige statuen vil plukke det beste frå dei tidlegare forsøka.

– Det er berre grovt sett av korleis det skal vere, so får det kome fram etter kvart, seier Barane.

«Raiola planla Haalands karriere til perfeksjon» Superagenten

Skal stå på ein haug pokalar

Kunstnaren har tidlegare laga treskulpturar av mellom anna Kong Harald, men motorsag og våte granstokkar er likevel ganske nytt for Barane.

– So er det veldig kjekt å jobbe med tre. Slik som den – at du ser at det sprekk og lev – det får ein eigen karakter, seier han, og peikar på hovudet til den ropande Haaland.

Til slutt skal den svære statuen stå stødig planta i eit utval av pokalane Haaland har samla dei siste åra.

– Det er klart det er tøft, seier kunstnaren.

Kunstnar Kjetil Barane står ved trestatuen av Erling Braut Haaland med ei motorsag.

Med over tre meter og vel 700 kilo vert statuen i tre større enn sjølvaste Brauten.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Men kvar skal Haaland?

– Han skal over den engelske kanal og inn til Manchester, seier Tore Sivertsen og ler.

Han er ein av dei som driv bedrifta Sivertsen AS, som har bestilt Haaland (den 700 kilo tunge versjonen i tre, vel å merke).

– Vi har leika med tanken om å køyre til den staden der Erling hamnar, berre for løye, men det er langt ifrå sikkert.

– Har du noko personleg håp om kva farge han får på drakta?

– Nei, eller ... Eg held ikkje med Manchester City, men eg håpar han hamnar der, for då veit eg han vinn nokre titlar, seier Sivertsen.

I utgangspunktet skal statuen stå utanfor bedrifta på Ålgård, litt lenger aust på Jæren frå Bryne.

– Men vi er opne for hundre forslag, for å sei det på den måten, seier Sivertsen.

Statuen av Erling Braut Haaland står i skogen og ser utover Bryne. Bak står bystene og ser på det same.

Han skal i utgangspunktet pryde Sivertsen AS på Ålgård, som sel gards- og anleggsmaskiner. Nett no ser han utover Bryne sentrum.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Heller ikkje kunstnaren bak vil spå det alle lurar på om dagen.

– Denne Haaland vert i alle fall verande på Jæren, men kvar endar den ekte fotballspelaren opp, trur du?

– Du spør meg? Veit du kva, det skal eg ikkje ta på meg å spå. Vi får vente i spenning, seier Barane.

– Som du ser har eg ikkje malt drakta enno, so vi får sjå kva farge han vert til slutt.

Kjetil Barane går innover i skogen, omgitt av blomar og tre. Han ber på motorsaga si og går med ein stokk.

– Eg plar ikkje jobbe på nokon deadline, so eg seier han er ferdig når eg er ferdig. Men han vert ferdig til sommaren, i alle fall, seier Barane. I so fall vil det vere god timing, ettersom det er om nokre månadar det er venta at Haaland vil offentleggjere kvar han skal neste sesong.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Flere nyheter fra Rogaland