Hopp til innhold

Lokal mann erkjenner fem av ti innbrot

Ein mann i 40-åra er tatt etter fleire innbrot i Tysvær i helga. Han erkjenner å stå bak fem av dei ti innbrot som har vore i hus og hytter den siste tida.

Lensmann Racin Tjøsvoll i Tysvær

Lensmann i Tysvær, Racine Tjøsvoll, har tidlegare rekna med at omreisande austeuropearar kan ha hatt samanheng med innbrota i kommunen. I dag blei ein lokal mann i 40-åra teken.

Innbrudd i Tysvær

Slik såg det ut etter tjuven hadde tatt seg inn gjennom eit vindauge i eit hus i Tysvær sist veke.

I helga var det innbrot i fleire hus i Tysvær. Til saman har ti einebustader og fritidsbustader blitt ramma av kriminelle.

Politiet har gått ut og åtvara om omreisande austeuropearar i samanheng med innbrota, men i dag kunne dei opplysa at ein lokal mann i 40-årar er teken.

– Han har i avhøyr erkjent at han står bak fem grove tjuveri i helga. Ein fritidseigedom på Kårstø, tre fritidseigendommar på Førland og ein bustad på Høie, seier operasjonsleiar i Haugaland- og Sunnhordland politidistrikt, Håkon Tornes.

– Tatt etter godt etterforskingsarbeid

Tornes seier at det ikkje har vore spesielt mange tips i saka, og at det først og fremst er godt politiarbeid ved lensmannskontoret i Tysvær som har ført fram til at mannen blei tatt.

Operasjonsleiaren har ikkje sjølv snakka med hytteeigarane, men reknar med at dei er nøgde sidan mykje av tjuvegodset nå har kome til rette.

– Utstyr som veg fleire hundre kilo har kome til rette, så mannen må nok ha hatt ein varebil. Han har mellom anna tatt plentraktorar og ei beltedriven trillebår, seier operasjonsleiar i Haugaland- og Sunnhordland politidistrikt, Håkon Tornes.

Mannen er lauslaten

Trass i dei alvorlege forbytingane, og at mannen er ein kjenning av politiet, er han nå lauslaten.

– Me har tatt ei vurdering og lauslate mannen. Me etterforskar saka vidare og etter kvart vil han få straffa si når saka kjem opp i tingretten, seier Tornes.

Flere nyheter fra Rogaland