Hopp til innhold

Er dette framtidas kollektivtransport på Nord-Jæren?

Rogaland Venstre ønskjer å sjå på alternative løysingar for bybane, og rettar særleg blikket mot monorail, metro og lokaltog.

Monorail forbi Stavanger kunstmuseum mot Tjensvollkrysset.
Foto: Monorail i Stavanger

– Etter valet ønskjer me ei ordentleg utgreiing som vurderer alle alternativ for banebasert kollektivtransport, seier Jan Erik Søndeland, politisk nestleiar i Stavanger Venstre.

Forslaget er inkludert i Rogaland Venstres programforslag før fylkestingsvalet til hausten. Søndeland er 7. kandidat på lista.

– Fellestrekk me ser ved både monorail, metro og lokaltog er at det er dedikert til skjener er at det går fort, presist og tilbyr komfort. Det er noko som innbyggjarane her i distriktet vil ha, seier, legg han til.

Innbyggjarar samla underskrifter

Då den førre utgreiinga for bybane og ny bussveg gjekk føre seg, vart ikkje alternative skjenebaserte kollektivsystem tatt med i vurderinga. Politikarane i kommunalstyret for byutvikling i Stavanger ville ikkje undersøkje om monorail kan vera ei kollektivløysing for Nord-Jæren.

Jan Erik Søndeland

Jan Erik Søndeland i Rogaland Venstre.

Foto: Venstre

Det var innbyggjarar i kommunen som sette i gong ein underskriftskampanje for å få saka opp i kommunen. Forslaget vart då sendt vidare til fylkeskommunen.

Søndeland meiner det er på høg tid at politikarane vurderer monorail og metro, og trur det vil vera veldig positivt for byutvikling.

– Me ser for oss ein kollektivtrasé med skjener som bind saman dei store sentra i regionen der folk jobbar og bur. Til dømes Stavanger sentrum, Forus, Sola flyplass og Sandnes. Eit skjenebasert system gir også byutvikling slik at byen fortettast, og at ein buset seg langs kollektivaksar i større grad enn det buss fører til.