Hopp til innhold

Kallar Enova-kuttet ille og alvorleg

16 dagar etter at Stortinget bad regjeringa sette eit ambisiøst mål for solenergi, varslar Enova at dei kuttar kraftig i støtta til solcelleanlegg.

Solcelleapanel på bolighus på Sola i Rogaland.

BLIR DYRARE: 1. oktober kuttar Enova i støtta til solcellepanel.

Foto: Adan Tassamma / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Dette er veldig ille. Vi er så vidt i gang, og så byrjar ein å redusere ei støtte for ein bransje som berre er i startgropa. Det synest vi er veldig uheldig, seier Trine Berentsen. Ho er administrerande direktør i bransjeforeininga Solenergiklyngen.

Trine Kopstad Berentsen, daglig leder i Solenergiklyngen.

Dagleg leiar i Solenergiklyngen, Trine Berentsen.

Foto: Leif Martin Kirknes [LO Media]

Det var onsdag at Enova meldte at dei frå 1. oktober kuttar støtta i ei rekke tiltak (ekstern lenkje). Eit av desse er støtta til solcelleanlegg.

For solcelleanlegg får ein i dag 7500 kroner pluss 2000 per kWp opp til 20 kW installert effekt.

Frå 1. oktober er støtta per kW redusert til 1250 kroner per kWp.

Og medan full støtte i dag gir opptil 47.500 kroner, vil denne i haust bli redusert til 32.500 kroner.

Solenergibransjen visste ingenting før Enova meldte frå om endringa.

Les også Forventer kaos når Norge skal bygge ut strømnettet

Strømnettmontør høyt oppe i ei mast, men en blinkende fjord og snøkledde fjell i bakgrunnen.

Fryktar forbrukarane ikkje rekk å få pengane sine

Enova grunngjev kuttet i støtta med at behovet ikkje lenger er like stort.

– Det har rett og slett vore ei formidabel auke i både solceller og talet på leverandørar. Den positive marknadsutviklinga gjer at det reduserer behovet for stønad, seier marknadssjef Anna Barnwell i Enova til NRK.

Enova har støtta solcelleanlegg i norske heimar sidan 2015.

I februar 2022 auka dei støtta på grunn av manglande interesse for sol i marknaden.

– Kan ikkje kuttet føre til at færre vel å investere i solceller på taket?

– Alt tyder på at denne marknaden ruller og går ganske bra. I 2021 installerte 1500 personar solceller på taket, i 2022 var det over 5000 og berre til nå i år har nesten 5000 søkt støtte. Vi forventar framleis stor interesse for denne teknologien, seier Barnwell.

Men Berentsen i Solenergiklyngen meiner kuttet er heilt feil.

– Dette er så på tvers av kva ein er oppteken av i desse dagar, seier ho.

Berentsen peikar på energikommisjonen si anbefaling om solkraftutbygging og stortingsvedtaket i juni der Stortinget bad regjeringa sette eit mål for ny solenergi på åtte terawattimar (TWh) innan 2030, og utarbeide ein konkret handlingsplan som gjer det mogleg å realisere målet innan revidert budsjett i 2024.

Til samanlikning blir det i dag produsert 0,3 TWh frå solenergi kvart år.

– For privatpersonar er Enova-støtta utruleg viktig. Solcellepanel er ein ganske stor investering for ein forbrukar. Nå vil det bli eit rush for å få bygga ut solceller og søke støtte, men når det er tre-fire månader ventetid vil dei kanskje ikkje rekke å få med seg denne støtta, seier Berentsen.

Til dette svarer Barnwell at ho håper og trur at dei fleste som har bestilt og ventar på installasjon vil kunne rekke fristen. Og minner om at det framleis vil vere støtte å få etter 1. oktober.

– Det motsette av kva vi faktisk treng

Lars Haltbrekken (SV) sit i Energi- og miljøkomitéen på Stortinget. Han meiner kuttet er alvorleg.

Lars Haltbrekken

Lars Haltbrekken (SV).

Foto: William Jobling / NRK

– Nå står vi på trappa av ein solcellerevolusjon i Noreg der stadig fleire tar det i bruk. Då er eit kutt i støtta det motsette av kva vi faktisk treng, seier han.

Haltbrekken seier han har utfordra klima- og miljøminister Espen Barth Eide på om han vil ta initiativ til å avlyse det varsla kuttet.

– Dersom han ikkje gjer det, korleis meiner han at det kuttet skal bidra til å innfri målet som er sett på åtte TWh? seier han.

Seier fleire skal få støtte

NRK har bedt ministeren kommentere Haltbrekken si utfordring, via Klima- og miljødepartementet sin kommunikasjonsavdeling. Dei har valt å la statssekretær Ragnhild Sjoner Syrstad (Ap) svare.

Ragnhild Sjoner Syrstad

Ragnhild Sjoner Syrstad, statssekretær i Klima- og miljødepartementet.

Foto: Arbeiderpartiet

– Haltbrekken overser at vi skal bruke meir midlar på ordninga. Satsane blir reduserte, men budsjettet aukar slik at antal støttande solcellepanel aukar og fleire kan ta del i goda. Dette vil bidra positivt til det nye solmålet, skriv ho i ein e-post til NRK.

På spørsmål om kva klima- og miljøministeren tenker om at Enova varslar redusert støtte i lys av stortingsvedtak om mål for solenergi, og Energikommisjonen sin rapport, svarer Syrstad at ein ikkje må gløyme andre verkemiddel som også bidrar til å få fart på soleventyret.

Blant anna ei betra plusskundeordning som gjer at det blir meir attraktivt for burettslag og næringsbygg å dele straum.

Bård Ludvig Thorheim

Bård Ludvig Thorheim (H).

Foto: Pål Hansen / NRK

Også Høgre-politikar Bård Ludvig Thorheim reagerer på kuttet til Enova.

– Eg er forundra over den avgjersla når regjeringa har sagt at vi skal satse enda meir på sol og heile Stortinget er samde om ambisiøse mål om kor mykje solenergi vi skal ha i 2030, seier han.

– Vi ligg langt bak andre land og det går ikkje raskt nok, seier han.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg