Elevar slår ring rundt frustrerte lærarar

Signe Iversen (17) er redd for at kvaliteten i skulen blir kraftig svekka dersom arbeidstida til lærarane blir endra. Ho kjempar nå mot forslaget og meiner kampen handlar om å redda dagens undervisning.

Signe Iversen portrett

Elev Signe Iversen ved Stavanger Katerdralskole er opprørt over forslaget til KS om endra arbeidstider for lærarane. – Kontortid for lærarane vil svekkja kvaliteten i skulen, meiner ho.

Foto: Ole Andreas Bø

Store pappesker med russeutstyr er plasserte på pultane i middelalderkjellaren «Grotten» på gamle og ærverdige Stavanger katedralskole, midt i Stavanger sentrum.

Dei steinkledde og nakne veggane står i sterk kontrast til dei moderne russekostyma i raudt og blått.

Men for elevrådsleiar og andreklassing Signe er det alt anna enn neste vårs russefeiring som står i sentrum akkurat nå. Ho har engasjert seg i skulen si framtid, og meiner den fastlåste konflikten om lærarane si arbeidstid eigentleg handlar om elevane - ikkje lærarane.

Ved pulten

Signe Iversen og dei andre sosiologielevane på Stavanger Katedralskole er opptekne av framtida til lærarane sine.

Foto: Ole Andreas Bø

– Du kan samanlikna skulegangen med eit hus. Då er grunnmuren viktig. Det er den muren me risikerer blir øydelagd med dette forslaget som går ut over alle alderstrinn.

Signe er politisk uavhengig, men brenn for framtida til skulen og kva som er til det beste for elevane. Og meiningane er ho ikkje åleine om å ha. Det er opprørsstemning blant elevane på skulen, ifølge elevrådsleiaren.

LES OGSÅ: Frykter at lærere vil slutte i jobben

LES OGSÅ: Lærere truer med å bytte yrke

Kan bli storstreik

Det er Kommunesektorens organisasjon (KS) som har fått lærarane til å koka over av sinne. Dei vil fjerna alle sentrale vedtekter om lærarane si arbeidstid og overføra dette til rektoren ved den einskilde skule.

Med det kan rektor bestemma at lærarane skal jobba fleire veker i året (opp mot 45 veker, mot 39 i dag). Dermed blir arbeidsåret utvida, lærarane jobbar kortare dagar (kontortid) og den lange sommar-avspasseringa ryk.

Talet på arbeidstimar og ferieveker blir det same som før, men mange fryktar lærarane ikkje får gjort arbeidet sitt godt nok ved innføring av «kontortid», og at yrket krev større innsats dei vekene elevane faktisk går på skulen. Lang sommarferie er også ei viktig gulrot for unge som kan tenka seg ei framtid i læraryrket.

KS og lærarorganisasjonane står langt frå kvarandre, og i januar braut forhandlingane. Nå kan alt enda i ein storstreik i slutten av mai dersom ikkje forhandlingane og ei eventuell mekling vinn fram når hovudtariffoppgjeret for kommunesektoren tek til 3. april.

Forslaget til KS går ut over alle alderstrinn.

Signe Iversen, elev

(Artikkelen held fram under bilete).

Grotten Kongsgård

Signe Iversen (t.v.), Morten Håvarstein, Julie Christensen og Elias Håvarstein er redd færre vil bli lærarar ved endringane KS vil ha gjennom.

Foto: Ole Andreas Bø

– Heilt forferdeleg

Stavanger katedralskole er kjent for å fostra engasjert og radikal ungdom - gjerne på venstresida i politikken. Men rundt kjellarbordet i «Grotten» er dei einige på tvers av partigrenser når dei nå slår ring rundt lærarane.

– Eg synst det er eit heilt forferdeleg at dette i det heile teke blir vurdert. Lærarane våre får mindre tid til å førebu undervisning, mindre tid til retting og oppfølginga blir dårlegare. Dette svekkjer kvaliteten i skulen. Eg ser veldig få positive ting med dette forslaget, seier Signe.

Ho har sørga for at saka kjem opp i elevrådet og har gått i bresjen for ei undersøking på heile skulen, der elevane skal få seia kva dei meiner om forslaget til ny arbeidstid for lærarane. Håpet er også at saka bli tatt opp i Ungdommens bystyre i Stavanger om ikkje alt for lenge.

LES OGSÅ: – Politikerne er ikke spurt i lærersaken

LES OGSÅ: Høyre ber politikerne slutte å blande seg

Eg ser veldig få positive ting med dette forslaget

Signe Iversen, elev

– Elevane blir ikkje høyrde

Truls Sætrang

Truls Sætrang, politisk nestleiar i Elevorganisasjone.

Foto: Elevorganisasjonen

Og Signe får støtte frå Elevorganisasjonen. Dei arbeider for å få med seg elevane i denne betente saka, og spreia engasjement rundt om i landet. Organisasjonen let seg ikkje stoppa av at forhandlingar om arbeidstid kan vera vanskeleg og komplisert for dei alle yngste.

– Det er klart at elevane er opptekne av læraren sin, men dei blir ikkje høyrde i denne saka. Alt går føre seg i forhandlingsromma. Dette handlar først og fremst om lærarane si arbeidstid, men for elevane er læraren den viktigaste kontaktpersonen i skulen. Dermed blir elevane taparane og lærarane slitarane til sjuande og sist, seier politisk nestleiar Truls Sætrang.

Elevorganisasjonen forstår at KS vil gjera det opp til kvar enkelt kommune og skuleleiar å bestemma arbeidstidene for lærarane. Men ifølge Sætrang er det ikkje gitt at denne fridomen er udelt positiv.

– Ved å gjennomføra det som blir føreslått, fjernar ein den siste sikringa rundt arbeidstida for lærarane. Konsekvensane kan bli at lærarane blir pålagde å jobba meir. Det er ei farleg utvikling, og derfor er me klare på at dei sentrale vedtektene om arbeidstida må stå ved lag.

Elevane blir ikkje høyrde i denne saka.

Truls Sætrang, Elevorganisasjonen

Fryktar lang ventetid på karakterane

Signe har sett seg til rette ved skulepulten i klasserommet. Det er fagdag i sosiologi og ei ny innlevering nærmar seg. Læraren sit fremst i klasserommet og er tilgjengeleg dersom ei hand strekkjer seg i vêret.

Ifølge lærarane på skulen og Lektorlaget tek det ei til to veker å gjera unna rettearbeidet for ein lærar på slike innleveringar og prøvar i dag. Dersom forslaget til KS får gjennomslag vil arbeidet ta ein til to månadar, ifølge lærarane.

– Dersom det går så lang tid før me får prøvane igjen, blir det ingen effekt og læreutbyte av prøvane. Det er viktig med tilbakemeldingar heile året. Dersom lærarane ikkje får tid til det dei skal, vil alt li, meiner Signe.

LES OGSÅ: Ordførere hardt ut mot KS-lederen

LES OGSÅ: KS maner til dialog med lærerne

Rosar elev-engasjementet

Mie Hidle

Mie Hidle, lærar ved Stavanger Katedralskole.

Foto: Ole Andreas Bø

Inn frå naboklassen kjem lærar Mie Hidle. Ho synst det er bra at elevane engasjerer seg og seier det er fint at dei støttar lærarane sine.

– Det er ofte slik at lærarane blir mistenkeleggjorde i saker som gjeld deira yrkesgruppe. For eksempel at me ikkje vil ha anonym retting fordi me vil ha makta til å gi vilkårlege karakterar til dei me likar og ikkje likar, og at me ikkje vil ha lenger arbeidsår fordi me vil ha den lange ferien vår og gjera minst mogleg.

Men med engasjementet elevane nå viser, så ser dei at skulen blir betre ved at lærarane får vera lærarar, meiner lærar Mie. Det vil seia å vera på skulen når elevane er der, ikkje når dei har fri.

– Er dette eit ekte engasjement, eller er det lærarane som har innprenta desse meiningane hos elevane?

– Logikken i dette feltet er slik at dersom lærarane seier noko, er dei inhabile. Og dersom elevane seier noko, er dei hjernevaska. Eg lar det vera opp til lesarane å avgjera kva dei trur om dette, seier Mie som håpar elevengasjementet får noko å seia til sjuande og sist.

Lærarane blir ofte mistenkeleggjorde i saker som gjeld deira yrkesgruppe.

Mie Hidle, lærar

KS: - Dette blir bestemt lokalt

Per Kristian Sundnes

Per Kristian Sundnes, forhandlingsleiar i KS.

Foto: Johnny Syversen

Forhandlingsleiar i KS, Per Kristian Sundnes, synst det er viktig at elevane kjem med innspel i tvikampen om arbeidstida til lærarane. Men det aller viktigaste er at lærarar og skuleleiarane får bestemma korleis dei vil organisera kvardagen, ifølge Sundnes.

– Me skal ikkje sitja i Oslo og bestemma alt. Me skal heller ikkje bestemma om arbeidsåret skal vera 45 eller 39 veker. Poenget er at me opnar for at det er mogleg å strekkja arbeidsåret over fleire veker, og at dei lokale skuleleiarane får større handlingsfridom, seier han.

– Korleis skal læraren få tid til retting og alle andre arbeidsoppgåver med korte arbeidsdagar?

– Det skal vera mogleg å få dette til å gå rundt sjølv om ein jobbar ein time mindre i veka. Det finst lærarar som har gjort dette før, og dei er fornøgde. Det kan kanskje gå lenger tid før elevane får igjen prøvar, men det blir god tid til å prioritera retting også.

KS sin forhandlingsleiar seier at dersom læraren har kontorplass på skulen, er det naturleg at rettinga går føre seg der.

– Det er fint å vera tilgjengeleg for rektor, skulesøster og andre i arbeidstida. Ein kan også halda fram med å organisera seg slik som i dag, men då må ein ha tenkt seg om. Me er opptekne av kvalitet, og trur endringane me føreslår er viktige for å betra kvaliteten i norsk skule, seier Sundnes.

Det skal vera mogleg å få dette til å gå rundt, sjølv om ein jobbar ein time mindre i veka.

Per Kristian Sundnes, forhandlingsleiar i KS

(Artikkelen held fram under bilete).

Klasserommet

Signe Iversen og medelevane har klare synspunkt på korleis skulen bør vera organisert.

Foto: Ole Andreas Bø

Støttar storstreik

Det er lunsjtid på Stavanger katedralskole og elevar og lærarar får tid til ein etterlengta pust i bakken. På veggen innafor hovudinngangen på Kongsgård heng namn på «berømte elevar» på ei gammal tavle.

Forfattarar som Alexander Kielland og Sigbjørn Obstfelder står som stolte eksempel på kva skulen har fostra opp i si nesten 200 år gamle historie.

Kanskje me taper litt undervisning til våren på streik, men det er i så fall betre enn å få dårlegare undervising i fleire år framover.

Signe Iversen

Kvardagen for både elevar og lærarar har endra seg mykje på desse åra. I vår kan me stå overfor eit nytt vegskilje. For Signe handlar det om kvaliteten i skulen - og lærarar som er førebudde og tilgjengelege. Ho er villig til å gå gjennom lærarlause vårdagar dersom streik er siste utveg for å vinna fram.

– Kanskje me taper litt undervisning til våren på streik, men det er i så fall betre enn å få dårlegare undervising i fleire år framover. Det gjer at me er villige til å støtta ein storstreik for å redda undervisninga.

– Men når KS seier at skuleleiarane i stor grad kan organisera dette lokalt slik dei vil, kva er då problemet?

– Eg forstår kva dei meiner, men eg synst systemet me har i dag fungerer bra. Lærarane har stor fleksibilitet og kan legga opp arbeidet slik dei vil. Eg synst ikkje KS sine argument er gode nok.

Så spørst det om KS meiner argumenta til lærarane blir forsterka med støtten frå Signe og dei andre elevane. Det einaste som er sikkert er at forhandlingane neste månad blir beintøffe og ein storstreik kan på ingen måte utelukkast.