Hopp til innhold

Elbilane overlever sprengkulda

Elbilar trenger ikkje meir veghjelp enn andre bilar i sprengkulda. Erfaren bilbergar i Stavanger er overraska.

Tom Østvold

Tom Østvold kjøpte seg elbil i haust. Han har ikkje hatt noko problem med bilen i sprengkulda.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Bilen startar i kulda utan problem, seier Tom Østvold.

Det er hans første vinter som elbileigar, og han angrar ikkje på kjøpet han gjorde i haust. Sjølv med tosifra minusgrader er det elbilen som er førstevalet.

– Me har to bilar, og sjølv om det er kaldt så er det denne bilen me brukar, seier Østvold.

Treng ikkje meir vegassistanse

Viking redningsteneste har også merka seg at det er langt mellom elbilane som treng assistanse.

Nesheim

Dagleg leiar i Viking redningsteneste i Stavanger, Lars Morten Nesheim, har få el-bileigarar som kundar i kulda.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Me har vore lite borti dei, seier dagleg leiar i Stavanger, Lars Morten Nesheim.

Er de overraska over kor lite trøbbel de har hatt med elbilar?

– Ja, eg hadde venta meir. Me har vore skeptiske fordi det er nytt, og fordi batteri og kulde sjeldan går godt saman, men det viser at det fungerer betre enn me hadde trudd, seier Nesheim.

Berre fire prosent av vegassistansane til Viking redningsteneste i Sør-Rogaland har så langt i år vore retta mot elbilar.

Heller ikkje bilbergingsselskapet Falck har tal som indikerer at elbilar slit meir i kulda enn andre bilar.

Ove Braut

El-bilseljar Ove Braut seier at det er få som klagar på at dei får problem med bilane i kulda.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Ei myte at elbilane slit i kulda

Elbilseljar Ove Braut hos Ålgårds Auto opplever heller ikkje å bli nedringt av el-bileigarar i kulde-trøbbel.

– Det er forbausande lite førespurnader med omsyn til det at det er kaldt ute. Det har nesten ikkje skjedd at nokon har teke kontakt på grunn av det, seier Braut.

Er tida forbi der elbilane fekk trøbbel i kulda, eller er det berre ei myte?

– Det er ikkje ei myte at elbilen går kortare, men at den får problem i kulda, det er nok ei myte, seier Braut.

Dårlegare rekkevidd

– Rekkevidda er nok veldig avgrensa. Og det ser me nok på dei som normalt skal køyre 12 mil, det går nok ikkje. Då må ein opp i dei største bilane, som til dømes ein Tesla, seier Nesheim.

El-bileigar Tom Østvold har kontroll på rekkevidda og er på ingen måte overraska over statistikken som viser at elbilane klarer seg bra i sprengkulda.

– Det er ingen startproblem, og ingen batteriproblem. Så lenge du har nok straum, så fungerer alt, seier Østvold.