Hopp til innhold

Desse juletrea skal sendast til Dubai

300 juletre frå Ryfylke skal hoggast ned, leggast på is og fraktast halve jorda rundt på 40 dagar, før dei til slutt skal pyntast til jul i arabiske palass.

300 juletre skal sendast frå Ryfylke til Dubai.

SJÅ REPORTASJEN: Dette juletreet, og 299 til, skal hoggast ned og sendast til Dubai.

Det er framleis ei stund att til jul, sjølv om julemarsipanen snart er på plass i butikkane. Men også i Bjørheimsbygd i Ryfylke i Rogaland er julesesongen i gang, der har dei starta juletrehogsten før kalenderen syner oktober.

Dubai er kanskje ikkje den første staden du tenkjer på når du høyrer orda jul og juletre. Men det er nettopp dit 300 juletre frå Bjørheimsbygd i Ryfylke no skal sendast.

Dubai er offisielt ein muslimsk stat, men jul og julepynting er ikkje uvanleg på grunn av mange utanlandske innbyggjarar.

Olav Ravnås (t.h.) og Mikael Hetland

PÅ LEIT ETTER DISNEY-TRE: Olav Ravnås (til høgre) har gått mange kilometer mellom juletrea for å finna dei som egnar seg best for Dubai. Bak står Mikael Hetland i Norsk Juletreservice.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Disney-tre

– Eg fekk ein telefon frå Dubai på gebrokkent engelsk om me hadde normannsgran. Sjølvsagt har me det, seier juletreprodusent Olav Ravnås.

Juletre i Bjørheimsbygd

TIDLEG JUL: Mange av desse trea blir hogde ned mange veker før normalen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Dermed var eit nytt eksporteventyr, om så endå av det beskjedne slaget, i gang i Rogaland. Bestillinga var 300 juletre levert til eit hagesenter innan 20 november.

Sidan den gong har juletreprodusenten rusla mykje blant dei tusenvis av juletrea han har for å finne dei som kan slå best an i Saudi-Arabia.

– Det er eit Disney-tre, som me seier, altså som har fin symmetri. Dei er litt for breie for Norge, men for Dubai skal dei vera fine.

– Folk har for små stover i Norge, i Dubai har dei slike svære palass. Då har dei plass til store tre, seier Ravnås med glimt i auget.

40 dagar til sjøs

Mikael Hetland

HÅPAR PÅ NY STOREKSPORT: Mikael Hetland i Norsk Juletreservice.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Her heime er det mange produsentar som slåst om kundane, og prisen blir pressa nedover. Så produsentane er stadig på utkikk etter eksportmoglegheiter. No har dei fått ein ny marknad, men då må trea tole ørken og høge temperaturar i Arabia, etter 40 døgn reise om bord i eit skip:

– Nå blir dei sendt ned i kjølecontainer med is. Men så er spørsmålet korleis dei tek seg av trea der nede. Viss dei klarer å halda seg fine, så kan dette bli ei skikkeleg eksportvare for oss, seier Mikael Hetland i Norsk Juletreservice, som består av 35 produsentar i Ryfylke og Hardanger.

Juletre i Bjerheimsbygd

FRÅ BJØRHEIMSBYGD TIL DUBAI: Snart byter 300 tre ut sol i Bjørheimsbygd med sol i Dubai.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK