– Eg såg plutseleg noko som rørte seg, og så oppdaga eg fleire og fleire deso meir eg såg etter.
Rainer Kaehler var på tur på Refnes-stranda på Jæren, då han oppdaga eit spesielt funn.
Mange små, kvite makk-liknande dyr på rundt éin centimeter kravla rundt. Han trur «makkane» må ha dekt éin fjerdedel av stranda.
UVANLEG FENOMEN: Dette synet møtte Rainer Kaehler på då han skulle gå tur på stranda.
Foto: Rainer Kaehler– Det var eit oppsiktsvekkande syn.
Uvanleg fenomen
«Makkane» er sannsynlegvis ein type pølseorm som lever i havet, ifølgje ein forskar i realfag.
Han meiner det er sjeldan at pølseormane blir samla i så store mengder på land.
UVANLEG SYN: Forskar Inge Christ meiner at det er sjeldan at pølseormar kjem opp på land.
Foto: NAWAR NASSAR ALGHOUSENI / NRK– Eg har aldri sett noko liknande. Det er eit uvanleg fenomen, seier forskar Inge Christ.
Spylt opp av vind og bølgjer
På Refnes-stranda finn Christ store mengder tare på land. Det er i tareskogane utanfor stranda pølseormane normal lever.
LEVER I TARE: Pølseormene lever i tareskogen utanfor stranda. Bølgjene har spylt opp store mengder av taren som vernar ormane.
Foto: NAWAR NASSAR ALGHOUSENI / NRK– Beskyttelsen til ormane har blitt fjerna av ruskevêret.
Kraftige bølgjer og sterk vind er truleg grunnen til at den store mengda av pølseormar har enda opp på stranda.
PØLSEORM: Dei kan bli opp til seks til sju centimeter lange i vatn, men på land trekkjer dei seg saman og blir kortare.
Foto: Nawar Nassar Alghouseni / NRK– Det er eit samanfall av vindretning og varigheit over tid. Når bølgjene er høge og dyra lette, blir dei skubba opp på land.