Hopp til innhold

Her blir Storm Juliussen slått til storkunstnar i den kongelige norske sildamarine

Sjå reportasjen frå 2005 – då kunstnar Ivan Storm Juliussen og Sildakongen gjorde ein litt spesiell handelsavtale.

Sjå reportasjen frå 2005 - då kunstnar Ivan Storm Juliussen og Sildakongen gjorde ein litt spesiell handelsavtale.

►ROGALAND RETRO: Innslaget blei sendt i NRK Rogaland 7. desember 2005.

Kunstnaren Ivan Storm Juliussen sin sjølvbiografi er like rundt hjørnet. Så spørst det om handelsavtalen med Sildakongen i 2005 blir sentral.

Den litt spesielle seremonien rundt avtalen blei i allefall ein minnerik TV-reportasje som Øystein Ellingsen og Bjørn Olav Skjæveland laga.

Avtalen gjekk ut på at Ivan Storm Juliussen sine seglskuter skulle pryda sildakrukkene til Sildakongen.

Nedanfor kan du også sjå programmet John Skien og Odd Rune Kyllingstad laga om Storm Juliussen sin kontroversielle kunst i 1997.

Send inn tips

«Rogaland retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nettet.

Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.

SJÅ PROGRAMMET FRÅ 1997 OM IVAN STORM JULIUSSEN:

Sjå NRK sitt program om Ivan Storm Juliussen frå 1997.

Ein kontroversiell kunstnar: Programmet gjekk i Norgesvinduet på NRK1 22. desember 1997.