Hopp til innhold

Ville laga privat veg rundt bomstasjonen

Då Jan Inge Iversen frå Sola var lei av å betala bompengar på veg til jobb tok han saka i eigne hender. Sjå dette og fleire andre bompenge innslag frå NRK Rogaland.

Bomprotest i 2001.

Innslaget blei sendt i Rogalandsnytt 5.10.2001.

Berre ein månad etter dei nye bomstasjonane hadde opna på Nord-Jæren i april 2001 stod Jan Inge Iversen på Rege og forklarar korleis han skal unngå det nye problemet.

– Her skal innkøyrsla vera, og der borte skal utkøyrsla vera.

Han hadde fått ein entreprenør til å levera masse, og grunnarbeidet for ein ny privat veg rundt bomstasjonen var allereie som smått i gang. Bomstasjonen låg på Iversen sin veg til jobb, og i tillegg var han grunnleggjande usamd i bomstasjonane.

Blei ingen veg

I fjernsynssaka som blei laga i 2001 fortel han om planane sine, og bilistane som blei intervjua var positive til initiativet. Men planane blei aldri noko av.

– Eg hugsar at dei truga med å setja opp pålar på tomta mi for å stoppa meg, men då sa eg at dei ville bli fjerna og plasserte på bomstasjonen, fortel Iversen i dag.

– Men kvifor blei det ikkje noko av planane?

– Eg innsåg at det ikkje var håp då entreprenøren ringde meg og sa at dei ikkje torde levera masse til meg, fortel han.

Han er medlem av protestgruppa som i 2018 har gjennomført fleire nye bomprotestar, men er uviss på om dei klarer å få gjennomslag for ønska sine.

Fleire TV-saker om bomstasjonar i Rogaland

Så lenge det har vore bommar, har det truleg også vore folk som er irriterte på dei. Her er eit par andre bompengeinnslag som har vore i NRK Rogaland dei siste åra.

Då bomstasjonane på Nord-Jæren kom i 2001 førte det til farlege situasjonar i trafikken ved Bråstein.

Innslaget blei sendt i Rogalandsnytt 7.17.2001.

Mange var glade då Rennfast var nedbetalt, og bomstasjonen blei stengt.

Innslaget blei sendt i Rogalandsnytt 28.7.2006.

Rogaland retro
Foto: Mathias Oppedal / NRK

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg