Hopp til innhold

Ei ny nyre redda livet hennar

Men stadig fleire nordmenn står i kø for å få den same hjelpa.

Mimi Kleiberg

Mimi Kleiberg lev i dag eit godt liv, men det er takka vera ein organdonasjon som ho fekk for 11 år sidan.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Eg fekk alvorleg nyresvikt. Eg blei så sjuk at eg ikkje kunne leva livet mitt, utan å få ei ny nyre.

Mimi Kleiberg var heldig. Då ho trengde det som mest, kunne mor hennar gi henne den livsviktige hjelpa.

I dag er ho 27 og har levd godt med ei ny nyre i 11 år.

– Den hjelpa eg fekk av eit nytt organ gjorde at eg kunne halde fram med å leva. I dag har eg eit fantastisk liv, eg lev som eit normalt menneske.

Stor mangel på donorar

Me møter henne på sjukehuset der ho som 16-åring fekk påvist nyresvikt. Ho er her for å fortelja si historie til helsepersonell som blir kursa i organdonasjon.

Kjell Kaisen

Donoransvarleg ved Stavanger universitetssjukehus, Kjell Kaisen.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Blant dei som tek henne i mot er donoransvarleg ved Stavanger Universitetssjukehus, Kjell Kaisen.

– Det er ein fantastisk ressurs å kunna donera organer, seier han.

Han er oppteken av at fleire skal få organa dei treng for å leva, for det er ikkje alle som er like heldige som 27-åringen frå Stavanger.

Organmangelen her til lands blir stadig større. I dag står om lag 450 pasientar på venteliste for å få livsviktig donorhjelp.

I følgje Stiftelsen organdonasjon er behovet størst for nyrer. Deretter lever, hjarte, lunge og bukspyttkjertel.

– Mangelen er kjempestor. Det er eit veldig alvorleg helseproblem. Ressursane til å hjelpa på dette problemet finst i vår befolkning, og det er ein uutnytta ressurs, seier Kaisen.

– Det finaste du kan gjera

Eitt liv blei redda når Mimi Kleiberg fekk ei av nyrene til mor si. Men donasjonar frå døde givarar kan redda opp mot åtte liv.

Eit ja til dei nærmaste er nok for å bidra.

– Å seia ja til organdonasjon er det finaste du kan gjera mot eit medmenneske, og det kostar deg ingenting, seier Kaisen.

– Eg kjenner på det kvar dag kor mykje den hjelpa gjorde for meg, og eg har verkeleg eit stort ynskje om at fleire skal få kjenna på det same som meg, seier Kleiberg.