Tor-Erik Grimeland
Foto: privat

Eit siste ja

Då Tor-Erik (22) døydde fekk tre personar livet i gåve. Fordi familien hans ikkje nølte då det vanskelege spørsmålet kom.

– Det er meiningslaust å grave ned organ som andre har så inderleg bruk for, seier Ronny Grimeland.

Han snakkar roleg, men bestemt. Sorga er framleis som eit ope sår. Kona Dagunn Aase Grimeland nikkar medan tårene står i auga.

– Vi snudde på spørsmålet. Kva om det var vi som var i ein posisjon der eit donororgan kunne hjelpt oss? Ville ikkje vi håpt at nokon sa ja til organdonasjon då, spør Ronny.

Eit godt halvår har gått sidan familien på fire vart til tre. Sidan livet vart fillerista så grundig. Så grundig at ein av og til lurer på korleis i all verda det skal gå seg til att. Fordi ein stol står tom. Det vil for alltid mangle ein son og ein storebror.

Men samtidig som skjebnen slo beina under familien Grimeland, vart fleire familiar stabla på beina att. På grunn av eit «ja».

I fjor fekk 435 personar nye organ. Samtidig døydde 29 personar på venteliste. Ein av tre pårørande som fekk spørsmålet om organdonasjon, sa nei. For familien Grimeland var det aldri eit alternativ.

– Viss det kan komme noko positivt ut av det vi måtte gjennom, så er ingenting betre enn det, seier Dagunn.

For ein plass der ute er det ein kar i 60-åra med akutt leversvikt som fekk ein ny sjanse til å leve ein mørk kveld i februar.

Ein annan stad sit ein kar i 20-åra og ein kar i 30-åra som pustar letta ut. Kvardagen som kanskje i årevis hadde bestått av dialyse tre dagar i veka, endra seg radikalt då dei fekk kvar si nyre.

Og nokon har mest truleg latt gledestårene renne fordi det endeleg var hjarteklaffar å oppdrive. Fire i talet har komme til nytte i ein eller annan sin kropp. Medan Tor-Erik sine pårørande var og er i sorg, er det nokre andre pårørande der ute som har vore i lykkerus.

I takksemd og glede over at ein bestefar får leve, at born får sjå pappa vekse opp, at dødsdomen til kjærasten er oppheva – fordi det fanst ein donor.

– Det vi gjorde var rett. Nokre av dei som fekk organa hadde gått ut og inn av sjukehus fleire gonger i veka. Vi har redda liv med det livet vi har tapt. Det er på ein måte trøyst i det, seier Dagunn.

Stadig let ho auga kvile på eit bilete på stoveveggen. Ein strålande blid gut smiler breitt og syner tommelen opp der han poserer framfor ein blankpolert blå BMW.

– Han hadde slik eit fantastisk smil, seier Dagunn.

Eldsteguten hadde likt bilar og alt med motor sidan han var liten. Viljesterk og med eit ståpå-humør og ukueleg optimisme let han seg sjeldan stoppe når han hadde noko føre seg som han ville. Ikkje ein gong epilepsien, som kom snikande då han var 12, let han leggje ein dempar på livet.

Ruslar på gravplassen

KREVJANDE: - Det er for alltid ein stol som vil stå tom hjå oss. Livet må gå vidare, men det er uendeleg tungt. Vi må ta ein dag om gongen, seier Ronny og Dagunn Grimeland.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Han var ein livsnytar, ein glad gut som hadde ei ukueleg tru på at alt ordnar seg, seier Ronny.

Onsdagen i februar i år var som alle andre dagar. Onsdag betydde hobbykveld for Tor-Erik. Han var bilopprettar, men arbeidde no med lakkerarfaget og såg fram til å fullføre fagprøven som billakkerar denne våren. Saman med kollegaer på Toyota Førde fekk dei nytte verkstaden kvar onsdag for å skru på sine eigne bilar. Både fagleg og sosialt på same tid.

Eigentleg skulle hobbykvelden slutte klokka 22, men det gjorde han sjeldan. Denne kvelden er sjefen innom i 22.30-tida, pratar litt med karane, og minner dei venleg på at det er ein arbeidsdag dagen etter.

Heime på garden i Angedalen i Førde, knapt ei mil frå sentrum, har ekteparet Grimeland gått til sengs og er i djup søvn. Klokka er 23.30. På kjøkkenbordet ringjer mobiltelefonen til Dagunn. Det ringjer lenge, før det vert stilt. Så ringjer det nok ein gong.

Så vert det stilt nokre sekund, før det tek til å ringje på Ronny sin telefon.

Veslebror Stian, som er fire år yngre enn Tor-Erik, hadde ikkje sovna, og høyrde ringinga.

– Til slutt gjekk eg inn og vekte mamma og pappa og lurte på om dei hadde tenkt å ta telefonen, seier Stian.

Ho kjende det allereie då, Dagunn. Noko var feil. Det var noko kjent med nummeret i displayet. Ho sjekka kjapt nummeropplysninga. Nummeret tilhøyrde operasjonssentralen til politiet i Florø.

– Eg skjønte allereie då at det måtte vere noko med Tor-Erik, seier Dagunn stilt.

Telefonen til politiet stadfestar kjapt dét. Nøkternt og alvorsamt gir operasjonsleiar beskjed om at det har skjedd ei trafikkulykke, at dei jobbar med Tor-Erik på ulykkesstaden, at situasjonen er svært alvorleg og at familien må komme til Førde sentralsjukehus med ein gong.

– Han var kritisk og ustabil, og vi fekk beskjed om at det kunne slå begge vegar, seier Dagunn.

I mellomtida prøvde dei å få greie på kva som hadde skjedd. Tor-Erik hadde køyrt ein kamerat heim, før han returnerte mot Angedalen, ei halv mil nordaust for Førde. Vel 500 meter seinare køyrer bilen hans, ein Toyota Hilux, gjennom eit autovern og hamnar opp ned i Halbrendselva i Førde sentrum.

– Det var så maksimal uflaks som det kunne gå an. Det var svært låg vassføring i elva, men akkurat der bilen landa, var det ein liten kulp. Tor-Erik var medvitslaus og låg med hovudet under vatn. Han drukna rett og slett i ein pytt, seier Ronny.

Ein ber jo om eit mirakel, om at det skal gå vegen.

Dagunn Aase Grimeland

Onsdag vert torsdag. Far, mor og bror ventar i det som kjennest som eit uverkeleg mørke. Hovuda er kaos, kjenslene rasar og vekslar mellom fortviling og håp.

– Han vart lagt i kunstig koma for at hovudet hans skulle få fred, seier Ronny.

Utpå torsdagen vert situasjonen svært kritisk og dialogen med Haukeland universitetssjukehus er tett. Så roar det seg noko, og pendelen svingar igjen mot håp.

– Ein ber jo om eit mirakel, om at det skal gå vegen, seier Dagunn stilt.

Fredag morgon er situasjonen meir stabil. Dei reduserer på sovemedisinen for at Tor-Erik skal vakne. Det vert teke EEG, ei undersøking som målar funksjonen i hjernen, og denne ser bra ut.

– Vi fekk tommel opp frå legane, og drista oss til å dra for å vitje onkelen min på ein sjukeheim i Førde, seier Ronny.

Men det skulle ikkje vare lenge.

– Brått ringde dei frå sjukehuset og sa vi måtte komme, seier Ronny.

På det tidspunktet reagerer ikkje Tor-Erik på smerte og han pustar heller ikkje sjølv. Ein CT syner aukande heving i hjernen på grunn av væskesamling og pupillane utvidar seg. Det er eit dårleg teikn og håpet er i ferd med å forsvinne.

Det vi gjorde var rett. Nokre av dei som fekk organa hadde gått ut og inn av sjukehus fleire gonger i veka. Vi har redda liv med det livet vi har tapt. Det er på ein måte trøyst i det.

Dagunn Aase Grimeland

På kvelden gjer legane det klart for foreldra at dersom Tor-Erik skulle klare seg vil det uansett ikkje vere snakk om liv i nokon som helst forstand. Utsiktene er dårlege og dei får beskjed om å bu seg på det verste. I kjølvatnet av det kjem også temaet om organdonasjon opp. Korleis stiller dei seg til det?

– Eg og Ronny hadde snakka om organdonasjon og var samde om at skulle noko skje oss, så var vi positive til det. Men når du sit der og innser at vi er i ferd med å miste sonen vår, då vart det så brutalt verkeleg. Det var som ein knyttneve i magen. Det gjorde kjempevondt, seier Dagunn.

Ronny og Stian

HELD FRAM: Tor-Erik levde og anda for køyretøy, og hadde mange prosjekt på gang. På låven held veslebror Stian fram med fleire av prosjekta. - Går alt etter planen vert denne bilen ferdig til neste år, seier Stian Grimeland.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Veslebror Stian er ikkje den som snakkar mest, men er tindrande klar når han tek ordet:

– Det spørsmålet er like brutalt uansett når du får det. Vi må hugse at dei må handle fort, slik at andre kan få ein sjanse, seier Stian, medan mora nikkar stilt.

For at ein person skal bli vurdert som organdonor vert det først gjort ein klinisk diagnostikk der legen konkluderer med at det ikkje er aktivitet i hjernen. Dette blir så følgt opp av med ein røntgen av hjernen der ein nyttar kontrastvæske for å sjå at det ikkje er noko blodgjennomstrøyming til hjernen. Dersom her er den minste tvil, går ein ikkje vidare med tanken om organdonasjon.

Sjølv om familien Grimeland var budde, vart alt så brutalt endeleg den laurdagen i februar. For resultata av CT-undersøkinga var som frykta. Eldsteguten deira var død. Hjarte-lunge-maskina heldt han kunstig i live, slik at organdonasjon skulle kunne late seg gjere.

– Vi var i sjokk, men vi var samde om det. Det var ikkje ei avgjerd vi brukte mykje tid på, seier Dagunn.

Ho kan ikkje få rosa nok helsepersonellet dei kom i kontakt med på Førde sentralsjukehus.

– Dei var heilt fantastiske og eineståande. Og dei var så varsame. Dei gav oss ein brutal bodskap, men dei var vare og rause og dei gav oss tid, seier Dagunn.

På gravplassen

MEINING: - Midt oppe i alt som er vondt, gjer det godt å vite at det kom noko godt ut av det, seier Dagunn Aase Grimeland.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Trass i at mange får livet på nytt ved hjelp av organdonasjon, aukar talet på personar på venteliste. Dei siste tre åra har auken vore stor – og ifølgje prognosane tyder alt på at auken kjem til å halde fram.

– Det er urovekkjande. Spesielt på nyresida har det auka dramatisk dei siste tre åra. Det er til ei kvar tid 300 pasientar som ventar på ei ny nyre. Men også på dei andre organa stig ventelistene, seier transplantasjonskoordinator Stein Foss ved Oslo universitetssykehus Rikshospitalet.

Parallelt med dette ser ein at talet på organdonasjonar ser ut til å ha nådd eit platå.

Han rosar familiar som har snakka om temaet i forkant. Det gjer den vanskelege samtalen lettare – for alle partar. For har du som pasient sagt til dine næraste at du ønskjer å donere organa dine, så er det di meining som tel. Viss ikkje må pårørande ta avgjerda.

– Det er mykje lettare for dei pårørande å kunne ta avgjerda på dine vegner dersom du på førehand har signalisert kva du ønskjer skal skje dersom hjernen er heilt øydelagd og du kan eigne deg som organgjevar, seier Foss.

Laster innhold, vennligst vent..

Då valet var teke for familien Grimeland var det Foss eller ein av hans fem kollegaer som fekk telefonen. Og når ein slik telefon kjem, skal det meste gå på skjener.

– Vi planlegg utreise frå sjukehuset. Vi har forskjellige team og organiserer utreise. Samtidig må pasientar som er aktuelle for transplantasjon kallast inn, fortel Foss.

Det er alltid eit team av legar frå Rikshospitalet som står for uttak av organ. Eit privatfly flyg legane til det aktuelle sjukehuset der dei gjennomfører operasjonen.

Stein Foss

STORT BEHOV: Transplantasjonskoordinator Stein Foss stadfestar at behovet for donororgan blir større år for år.

Foto: Nina Didriksen / NRK

Samtidig går klokka. Alt skal timast slik at når teamet og organa er på plass att på Rikshospitalet så er pasienten som skal få transplantert organ, klar på operasjonsstova.

For kvar time som går, vert organa dårlegare. Korkje hjarte, lunger, nyrer eller lever trivst godt utanfor kroppen.

– Hjartet skal helst inn innan fire timar, så timinga må vere pinleg nøyaktig, seier Foss.

Han legg ikkje skjul på at det er gjevande å sjå at transplantasjonar verkar. For resultata er gode.

Statistisk er det mykje større sjanse for at du kjem i ein situasjon der du sjølv treng eit donororgan, enn at du sjølv kjem til å bli donor.

– Det er over tre gonger så stor sjanse for at du kjem til å trengje å bli transplantert ein gong enn at du hamnar i ein posisjon der du kan gje vekk eit organ som gjevar. Still deg spørsmålet: Ville eg ha teke i mot eit organ dersom eg trengde det? Viss svaret på det er ja, så bør ein kanskje reflektere rundt om det ikkje då er rimeleg at eg seier det er noko eg ønskjer dersom eg døyr og har moglegheita til å gje eit organ, seier Foss.

I Stiftelsen Organdonasjon har dei sidan 1997 jobba aktivt med å få fleire nordmenn til å registrere seg som donorar.

– Granskingar som syner at vel 80 prosent er positive og seier ja. Problemet er berre at dei ikkje snakkar med sine næraste om det. Det gjer igjen at det ofte kan bli eit nei i ein gitt situasjon på sjukehuset, rett og slett fordi dei pårørande ikkje kjende den avlidne si haldning, seier Hege Lundin Kuhle, som er dagleg leiar i Stiftelsen Organdonasjon.

Problemet er berre at dei ikkje snakkar med sine næraste om det. Det gjer igjen at det ofte kan bli eit nei i ein gitt situasjon på sjukehuset, rett og slett fordi dei pårørande ikkje kjende den avlidne si haldning.

Hege Lundin Kuhle

I 2010 gjekk TV-dokumentarserien «Livet på vent» på TV2, der ein i fleire episodar følgde personar som stod på venteliste for å få nye, livstrengjande organ.

Året etter stupte talet på donoravslag til 17 prosent. Sidan har tala auka relativt kjapt, og er i dag oppe i rundt 30 prosent.

Kuhle er viss på at merksemd rundt tematikken er viktig. Ho trur også det er eit forbetringspotensial mange stadar når det gjeld den viktige samtalen med pårørande.

– Mange av dei legane som har dette på toppen av full stilling er svært pressa på tid. Det er heller ikkje noko obligatorisk opplæring for å gjere denne samtalen på best mogleg vis. Det er nok mykje å hente både på opplæring og å setje av meir tid, seier Kuhle.

Sjukehusprest Magne Stendal har skrive doktorgrad om temaet obduksjon og organdonasjon for transplantasjon. Den historisk 900 sider lange avhandlinga, skriven på nynorsk, med tittelen «Medisin frå død til liv. Når ringen blir slutta» tek for seg ti ulike vinklingar på temaet.

Han har jobba som sjukehusprest sidan 1980 og kjenner tematikken godt.

– Folk er så lite førebudde, for når slikt skjer, så er det ting som ikkje skal skje. Ein har ofte ikkje tenkt eller snakka om det, seier Stendal, som jobbar ved Oslo universitetssykehus, Ullevål.

Han peikar på at han i si prestegjerning har sett nokre fellestrekk hjå dei som vel å seie nei til organdonasjon.

– Ein har ikkje klarsignal frå den døyande pasienten å lene seg mot. Då triggar det tvilen hjå dei som skal leve att, seier Stendal.

Magne Stendal

VIL SNU SYSTEMET: Sjukehusprest Magne Stendal hadde helst sett at dagens system for organdonasjon vart snudd. - Har du ikkje reservert deg, så har du sagt ja, seier Stendal.

Foto: Anders Bayer/OUS

Ofte heng organdonasjon tett i hop med brå og brutal død. I ein augneblink var livet normalt, medan det i neste har vorte ein kaotisk masse av kjensler og fakta som ein knapt veit opp og ned på.

– Ein har rimeleg kort tid på å ta inn over seg den radikalt endra situasjonen, og då er det vanskeleg å hengje med i svingane. Kva er vel to-tre døgn i den store samanhengen? Då er det krevjande å ajourføre seg kjenslemessig, seier Stendal, som peikar på at ein må ha respekt for at avslagsprosenten er som den er.

Det er over tre gonger så stor sjanse for at du kjem til å trengje å bli transplantert ein gong enn at du hamnar i ein posisjon der du kan gje vekk eit organ som gjevar.

Stein Foss

Han er likevel klar på ein bør gjere grep i dagens ordning for å i mindre grad føre ein praksis som trengjer pårørande opp i eit hjørne.

– Mitt forslag er at kvar einskild må tenkje gjennom dette spørsmålet medan alt er som det skal. Eg vil snu dagens ordning med donasjonskort på hovudet. Viss vi ikkje har reservert oss, så seier vi ja. Og har ein reservert seg, så har ein krav til å ha reservasjonskort på seg. Det vil gi ei meir rasjonell ansvarsfordeling, seier Stendal.

I Førde har Ronny Grimeland, på eige initiativ, komme fram til same konklusjon.

– Har du ikkje reservert deg, så har du sagt ja. Før vi får ei endring, så tvilar eg på at talet donasjonar vil auke monaleg, seier Grimeland.

På benken

TUNGT: - Det er både vondt og godt å vitje grava til Tor-Erik. Mange gonger mest vondt. Men det er ei trøyst at noko godt har komme ut av alt det vonde, seier Dagunn Aase Grimeland og Ronny Grimeland.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Familien har ikkje angra éin dag på valet dei tok. Men valet gjorde den siste avskjeden ekstra vanskeleg å fatte.

For det er éin ting som vert diametralt annleis når ein seier ja til organdonasjon. Avskilet. Det endelege farvel.

Når døden kjem på meir normalt vis, er ein der når personen andar ut, eller like etter. Medan den døde kroppen endrar karakter. Vert klam og kald og endrar farge. Ein ser at livet har gitt slepp.

Når pasienten er organdonor, går ikkje det. Personen vert halden kunstig i live slik at alle organ har det optimalt fram til at dei skal takast ut.

Då vert døden hard å godta. For kroppen er som normal.

Tor-Erik Grimeland

EIN GLAD GUT: - Tor-Erik var ein evig optimist, og han fekk til alt han ville. Han var ein glad gut som levde livet, og så hadde han eit fantastisk smil, seier mamma Dagunn.

Foto: privat

– Det var så vanskeleg å forstå. Han hadde ingen skadar, berre eit lite sår under haka. Sidan maskina framleis pusta for han, var han varm og såg heilt fin ut. Og så var det likevel slutt, fortel Ronny.

Familie har teke godt vare på takkebrevet frå Oslo universitetssykehus der det frå sjukehusdirektøren vert uttrykt takksemd på vegner av pasientane som fekk transplantert organa til Tor-Erik.

– Viss det skulle vere slik at noko av energien til Tor-Erik følgjer med organa, så har dei som har fått dei, fått skikkeleg fart i skrotten, seier Ronny og smiler forsiktig.

På gravlunden Blomereina i Førde lagar oktobersola lange skuggar for kvar gravstein ho treffer. Vakkert og vemodig på same tid. Ein stad det er både godt og vondt å vitje. Frå gravsteinen smiler Tor-Erik på biletet saman med BMWen han var så glad i og stolt av.

Eit minne som gjer godt å sjå, men som samtidig smertar meir enn kva ord kan seie.

– Vi vel å tru at Tor-Erik er med oss gjennom andre. At hans godheit og eigenskapar er der ute ein stad. Vi veit jo ikkje kven dei er, men det gjer godt å vite at organa kom til nytte. At nokon fekk ein ny sjanse, seier Dagunn.