Egeland refsar Natos Afghanistan-innsats

– Investeringa står overhovudet ikkje i stil med resultatet. Det er krig, elende, kaos og uendeleg fattigdom i Afghanistan, seier Jan Egeland, generalsekretær i Flyktninghjelpen.

Jan Egeland

Nato-landa har brukt fleire hundre milliardar kroner i Afghanistan. Jan Egeland, generalsekretær i Flyktninghjelpen, meiner pengane kunne vore brukt smartare.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Under helgas toppmøte samlast 300 deltakarar frå 53 land under det som er haustsesjonen til Nato sin parlamentarikarforsamling. Den norske delegasjonen består av fem medlemmar og fem varamedlemmar som er valt av Stortinget. Målet er å påverka Nato sin politikk og pengebruk, og på agendaen står blant anna konflikten mellom Russland og Ukraina, klimaendringar, IS og terrorisme.

– Er det rart folk flyktar?

Jan Egeland

Jan Egeland, generalsekretær i Flyktninghjelpen, på veg inn på Nato-møtet i Stavanger.

Foto: Einar Espeland / NRK

Der er også Jan Egeland, generalsekretær i Flyktninghjelpen. Han kom til møtet med tre bodskap:

  • At Nato går inn for fleire politiske løysingar:
    – Det finst ikkje militære løysingar i Afghanistan, Irak eller Syria, berre politisk framforhandla løysingar.
  • At dei må gi meir pengar til hjelpearbeid.
    – Det er for lite pengar til humanitært hjelpearbeid samanlikna med det dei er villige til å gi til militær innsats. Ein halv prosent er det me har fått i til dømes Afghanistan. Er det rart at folk flyktar frå naud og elende?
  • La hjelpearbeid vera uavhengig.
    – Me er i ein veldig skvis i Afghanistan. Dei landa som var tungt inne, og så trekte seg ut, har etterlatt seg eit inntrykk av at hjelpearbeid er ei militarisert oppgåve. Me må verna om uavhengig, humanitært arbeid.

Krig, kaos og fattigdom

– Som hjelpearbeidar skal eg vera forsiktig med å gi politiske dommar, men eg kan forsiktig seia at investeringa overhovudet ikkje står i stil med resultatet. I Afghanistan er me i alle dei regionane der dei (Nato. red.anm.) tidlegare var til stades, og i dei regionane er det krig, veldig ofte kaos, uendeleg fattigdom og elende. Det er altså etter mange, mange hundre milliardar kroner investert frå Nato-landa, seier Egeland.

NATOs parlamentariske forsamling er et bindeledd mellom NATO og parlementene til medlemslandene forsvaralliansen. Her bidrar blant annet norske stortingspolitikere til å utforme NATOs politikk.

Natos parlamentarikarforsamling i Stavanger.

Syria kan gå i oppløysing

Egeland meiner at Nato no har moglegheit til å læra av sine eigne feil.

– I Afghanistan brukte ein svimlande summar på å byggja opp små nærmast statar, som absolutt ikkje var berekraftige då Nato trekte seg ut. Me ser kor vanskeleg det er å halda oppe noko som helst form for ro, orden og levelege tilhøve for dei som er der, seier Egeland.

I Syria håpar generalsekretæren på ei fredelegare løysing.

– I Syria har ein vore veldig mykje meir forsiktig med å gå inn, spesielt langs bakken.

– Mange stridande partar har i lang tid prøvd å slåst seg fram til ei militær løysing. Det må heller forhandlast fram avtalar i Syria, elles vil det samfunnet gå i fullstendig oppløysing og tømmast heilt for menneske, seier Egeland.