Hopp til innhold

– Skandale at Statoil held julebord når så mange mistar jobbane sine

Fleire store oljebransjebedrifter droppar årets julebord etter store økonomiske kutt. Men i Statoil blir det fest, noko hovudtillitsvald i Bilfinger, Roger Morten Berg Hansen, meiner er svært provoserande.

Julebord i Statoil

Statoil arrangerer julebord, sjølv om dei må kutta meir enn 1500 tilsette innan utgangen av 2016. Fleire andre oljebransjeselskap droppar årets julebord.

Foto: Mathias Oppedal / NRK / COLOURBOX

Trass økonomisk trongare tider vil ikkje Statoil-leiinga vera festbrems. Mange bedrifter innan oljenæringa kuttar nemleg ut årets julebord, men hos Statoil blir det kalas.

– Eg forstår at andre kan tenka annleis, men i ei tid med store omstillingar trur me det kan vera riktig å prioritera sosiale tiltak, som ein julemiddag. Dette for å styrka laganda og vera saman, seier kommunikasjonsdirektør i Statoil, Jannik Lindbæk til NRK.no.

– Ein skandale og ei stor skam

Klubbleiar i Bilfinger, Roger Morten Berg Hansen

Klubbleiar i Bilfinger, Roger Morten Berg Hansen, meiner at Statoil ikkje burde arrangert julebord.

Dette reagerer hovudtillitsvald i leverandørbedrifta Bilfinger, Roger Morten Berg Hansen, sterkt på. Dei tilsette i Bilfinger fekk i september melding frå leiinga om at 600 stillingar ryk, årsaka er mellom anna Statoil sine økonomiske kutt.

– Statoil skal sjølv slanka staben sin, og dei har bedd om slanking. Derfor meiner eg at det er ein skandale og ei stor skam at dei held julebord. Eg forstår ikkje at dei har samvit til å kle seg opp i smoking og la julegleda senka seg når mange mistar jobbane sine, seier Berg Hansen.

Han legg til at han har støtte frå tillitsvalde i andre leverandørbedrifter også.

Innan to år skal Statoil kutta meir enn 1500 stillingar for å effektivisera drifta og få lågare utgifter. Samla skal Statoil realisera åtte milliardar kroner i effektiviseringsgevinst innan 2016.

– Ikkje alltid snakk om eit julebord

Dei økonomiske nedskjeringane går også kraftig ut over leverandørindustrien som er avhengige av å levera tenester til Statoil.

Så langt har det kome meldingar om at 5500 personar samla sett mistar jobbane sine i oljebransjebedrifter, ifølgje Dagens Næringsliv.

Siv Oftedal er forhandlingsdirektør i Statoil. Ho stadfestar at det vil bli arrangert julebord i dei enkelte avdelingane. Ho har nett meldt seg på julebordet i si eiga avdeling, men legg likevel til:

– Det er ikkje alltid snakk om julebord, men ein middag for dei tilsette på avdelingane før eller etter årsskiftet, seier Oftedal.

Ho ønsker ikkje å kommentera den krasse kritikken frå Berg Hansen.

– Det blir feil mot dei tilsette

Andre bedrifter NRK kjenner til, som kuttar julebord er Aker Solutions MMO, Aibel og Subsea 7.

Sistnemnde bedrift har 1.350 tilsette og må kutta mellom 100 og 150 stillingar.

– På grunn av nedbemanninga har me kansellert julebordet. Det blir feil mot dei tilsette og i tillegg må me spara pengar, fortel kommunikasjonssjef i Subsea 7, Jan Roger Moksnes.

I Aker Solutions kjem pressesjef Anne Cecilie Lund-Andersen med denne meldinga:

– Aker Solutions ser på ulike tiltak for å redusera kostnader i selskapet. Nedtrapping av sosiale aktivitetar er blant desse.

Klubbleiar for 530 fagorganiserte i Aker Solutions MMO meiner Statoil sender ut feil signal.

– Personleg meiner eg det blir feil i den situasjonen dei er i nå, sidan det er Statoil som går i bresjen for å kutta, seier Arild Håvik, klubbleiar Aker Solutions MMO.

Vurderte kaffi-kutt

Kommunikasjonsdirektør i Statoil, Jannik Lindbæk

Kommunikasjonsdirektør i Statoil, Jannik Lindbæk jr., seier at det får bli dei enkelte leiarane sitt skjønn som avgjer om det blir julebord eller ikkje.

Foto: Harald Pettersen/Statoil

Tidlegare i år vurderte Statoil-leiinga å kutta utgifter ved å droppa gratis servering av kaffi til sine offshorearbeidarar som venta i helikopterterminalen. Dette kunne spart bedrifta for 3,3 millionar kroner årleg. Konklusjonen blei likevel at Statoil la kaffikuttet på is.

Med denne hendinga friskt i minne, meiner Berg-Hansen at det er rart at Statoil arrangerer julebord.

– Du kan få mange kaffikoppar for eit julebord, men Statoil køyrer sine forbaska julebord like herleg. Me andre har kanskje råd til ein marsipangris på Esso, som kan delast mellom alle på avdelinga, seier han.

Han seier at fokuset hos Bilfinger nå handlar om sparing i alle ledd.

– Me ønsker ikkje at fleire må gå, så her sparar me der me kan, seier han.

Lindbæk i Statoil seier at det også for dei er ei krevjande tid.

– Det trur eg gjeld for heile industrien. Samstundes er det inga tvil om at omstillingane er nødvendige for å sikra Statoil og industrien si framtidige verdiskaping. Mi oppfatting er at det er veldig godt forstått, seier han.

Går utover hotellbransjen

Når fleire store oljebransjeselskap droppar julebord, merkar hotellbransjen i Stavanger det.

For ei veke sidan fortalde klubbleiar Sisilie Benjaminsen, som er kokk på Clarion Hotel Stavanger, til Klassekampen at dei var urolege for permisjonar grunna dette.

– Me fekk fyrst beskjed om at me var fullt booka opp med julebord, og såg fram til ein travel sesong. Plutseleg var juleborda avbestilt. No har me hatt møte om permittering, sa ho til avisa.

NRK har vore i kontakt med leiinga i Clarion, som seier at dei allereie har klart å få inn fleire nye julebord.

Også hos Sola Strand Hotel er dei opptekne av dette, men seier at det førebels ser ut til å gå bra.

– Me har framleis mange julebordbookingar, bank i bordet, men me er urolege for framtida. For det er kundane våre som mistar jobbane sine og som må kutta ned. På toppen av dette har me i regionen hatt kapasitetsauke på hotell den siste tida, seier hotelldirektør Gisle Steffensen.

Klubbleiaren i Bilfinger, Roger Morten Berg Hansen, vedgår at dette er eit dilemma.

– Det syner kor enorme ringverknadane er. Me har medlemmar i hotellbransjen som me ønsker alt godt. Når me ikkje reiser på julebord, går det jo også ut over frisørar og taxisjåførar, seier han til slutt.