Hopp til innhold

Professor meiner oljenæringa har seg sjølv å takka for nedturen

Oljeøkonom og professor Klaus Mohn meiner oljenæringa kunne tenkt meir langsiktig for å stagnera nedturen bransjen nå opplever.

Bilfinger seier opp 600 tilsette

VIDEO: – Det er ein tung dag, seier klubbleiar Roger Morten Berg Hansen i Bilfinger. I dag blei det klart at bedrifta seier opp 600 tilsette.

– Ja, eg trur næringa kunne tenkt litt meir på det ekspansjonstempoet ein la opp til i forkant av denne korreksjonen i marknaden, seier Mohn.

– Så dei har seg sjølv å takka for at det går litt opp og ned?

Ja, eg trur selskapa må gå litt inn i seg sjølv når det gjeld den kostnadsauken me har hatt fram til nå.

Klaus Mohn

Professor Klaus Mohn meiner oljenæringa må gå litt inn i seg sjølv når det gjeld kostnadsauken me har hatt den siste tida.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

Professoren ved Universitetet i Stavanger understrekar likevel at det er vanskeleg å kritisera næringslivet for kostnadskutt.

– Alle kutta kjem på bakgrunn av ein veldig kraftig auke i olje- og gassindustrien dei siste ti åra, og kan bli sett på som ein korreksjon til auka. Skulle tilbakeslaget vore mindre bratt, måtte kanskje veksten vore mindre, seier han.

Bilfinger seier opp 600

I dag blei det kjent at oljeservicebedrifta Bilfinger seier opp 600 arbeidarar. Folk som i hovudsak arbeider i Bergen og Stavanger-området.

Bilfinger har i dag om lag 1800 tilsette i Bergen, Haugesund, Stavanger, Hammerfest og Skien. Dei 600 som er sagt opp må forlata bedrifta ved utgangen av 2014.

Årsaka er reduksjon i aktivitetsnivået til kundane, altså oljeselskapa, skriv leiargruppa i ei pressemelding.

Også opp mot 100 tilsette ved Aker Solutions i Bergen fekk i dag beskjed om at dei må over til andre arbeidsoppgåver, i tilegg mistar 100 tilsette i forpleiningsselskapet ESS jobbane sine, skriv Stavanger Aftenblad.

– Folk er fortvila

Klubbleiar i Bilfinger, Roger Morten Berg Hansen

Klubbleiar i Bilfinger, Roger Morten Berg Hansen.

Klubbleiaren i Bilfinger seier at alle er sterkt prega av situasjonen.

– Det er ein tung dag, den tyngste i mi tid som klubbleiar i Bilfinger heilt klart. Alle reagerer veldig kraftig. Det er folk som er fortvila, nokon gret andre er forbanna og har det vondt, seier Roger Morten Berg Hansen.

Han meiner at selskapet burde vore meir avventande.

– Men samstundes er det vanskeleg å snu seg rundt til andre kundar når alle oljeselskapa nedprioriterer modifikasjon- og vedlikehaldsprogramma sine, seier han.

Han seier at det i første omgang er unge og dei som er i etableringsfasen som mistar jobbane sine. Hovudsakleg i Bergen og Stavanger.

– Må redusera kostnader

Bilfinger mistar oppdrag på fleire installasjonar i Nordsjøen.

– Me har hatt eit veldig høgt aktivitetsnivå fram til nå, men nå går det raskt nedover, seier Tor Minsaas, direktør for teknologi i Bilfinger.

Direktøren seier det nå er behov for å kutta kostnader.

– Me må redusera kostnadsnivået og planlegga og gjennomføra vedlikehald og modifikasjonar meir effektivt. Når våre kundar tar grep, påverkar det oss.

– Blir fallet i oljenæringa bratt framover, professor Mohn?

Ja, inn i neste år. Men etter det ser det ut til at aktivitetsnivået vil stabilisera seg på eit rimeleg høgt nivå. Eg klarer ikkje å sjå den store krisa foreløpig.