Hopp til innhold

Kringkastingssjefen i trøbildrama

Det blei nesten-velt då kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen prøvde å slå store namn som Alexander Kristoff, Ketil Solvik-Olsen og Ann Kristin Aafedt Flatland i trøbil.

Det blei dramatisk då kringkastingssjef, Thor Gjermund Eriksen, blei med i NRK Rogaland sin tråbilkonkurranse; Top Pedal.

►SJÅ VIDEO: Kringkastingssjef i NRK, Thor Gjermund Eriksen, blei med i NRK Rogaland sin trøbilkonkurranse; Top Pedal.

Thor Gjermund Eriksen

Her går det nesten gale for kringkastingssjefen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Kringkastingssjef i NRK, Thor Gjermund Eriksen, gjesta nyleg sine tilsette i NRK Rogaland på Stavanger-kontoret. Dermed måtte han også bli med på trøbilkonkurransen Top Pedal, som blir arrangert kvar fredag.

– Konkurranseinstinktet mitt er velutvikla, og eg er her for å kjøyra fortast mogleg, det er ikkje noko anna som gjeld, seier Eriksen før han skal utfordra tida til store idrettsstjerner og kjende politikarar.

Velkledd på trøbil

Ifølgje NRK-reporter Bjørn Olav Skjæveland er Eriksen den mest velkledde deltakaren i konkurransen, sidan Haugesund-ordførar Petter Steen deltok.

– Eg skulle sjølvsagt hatt tights og sykkelklede, då hadde det gått fortare, seier han.

Men trass kvit skjorte og lakksko, Eriksen opnar svært sterkt. Det blir nærmast dramatisk då han har så stor fart inn i første sving at trøbilen held på å velta.

Sju sekund bak bestetid

Sjølv om han tapar ein del sekund på dette kjem han inn på den svært solide tida 39,85 sek, sju sekund bak bestetida til Christian Eriksen. Kringkastingssjefen er likevel ikkje heilt nøgd.

– Konklusjonen er vel at lakksko og trøbil ikkje er den beste kombinasjonen, seier han.