Opplesinga av dommen vert kringkasta i NRK. Fem av dei tiltalte risikerar forvaring, noko som betyr at dei kan verte fengsla på livstid dersom det er behov for det.
Planen er at ankesaka i Gulating lagmannsrett skal starte 20. mars, under ein månad etter dommen frå tingretten.
Nokas-rettssaka starta i Stavanger tingrett 19. september 2005 og vart tatt til doms 17. januar. Sorenskrivar Helge Bjørnestad og meddommarane skal avgjera om de tretten tiltalte er skuldige og kva straff dei skal ha.
Politimannen Arne Sigve Klungland vart skoten og drept av ein av ranarane. Utbyttet av ranet vart på vel 57 millioner kroner.