Hopp til innhold

Denne detaljen fortel ei heilt spesiell historie om bilen: – Utvilsamt sjeldan

Den kongelege bilen skal få nytt liv. Gjengen som skal fikse han får titusenvis av kroner i støtte.

kongebil

KONGELEG: Den 63 år gamle, rojale bilen skal få nytt liv.

Foto: Erik Waage / NRK

– Eg veit at han trefte Sonja då han hadde denne bilen. Om han kan ha vore eit trekkplaster, det veit eg ikkje, seier bileigar Arne Birkemo og ler.

I ein garasje på Helleland i Rogaland står ein bil heilt utanom det vanlege. Og han har med seg ei veldig spesiell historie.

– Det viser at bilen har vore kongeleg, seier Birkemo entusiastisk.

Han peikar mot eit merke på den eine sida av bilen. Der heng eit slite, norsk riksvåpen.

kongebil

Eit norsk riksvåpen viser at bilen har vore kongeleg.

Foto: Erik Waage / NRK

Gåve frå kong Olav

Søndag feirar kong Harald 84 år.

Då han som kronprins i si tid fylte 21 år, syntest faren hans, kong Olav, at det passa med ein ny bil til tronarvingen. Og det vart ikkje spart på krutet.

Valet fall til slutt på eit ein Ford Edsel Corsair 4 Door, ein modell frå 1958.

Det vart berre produsert 5880 eksemplar av denne bilen i USA, så det er eit stykke sjeldan bilhistorie som no har funne vegen til garasjen på Helleland i Eigersund.

– Han tilhøyrde kongefamilien i to og eit halvt år, så vart han selt til private hender, seier Birkemo, som fortel at bilen òg har levd eit lengre liv hos to samlarar i Odal.

Kronprins Haralds Ford Edsel 4 Door 1958 i Eigersund

Bilen var ei bursdagsgåve til kong Harald for 63 år sidan. No skal gåva få nytt liv.

Foto: Erik Waage / NRK

Sidan har bilen vorte selt vidare og forfalle. No har Kulturminnefondet løyvd 90.000 kroner til restaurering av den rojale motorvogna.

– Køyretøyet er utvilsamt sjeldan. Eit av satsingsområda våre er rullande kulturminne, og kronprins Harald sin første bil som myndig er i aller høgaste grad eit kulturminne, seier styreleiar i Kulturminnefondet, Tine Sundtoft.

Vil ta fem–seks år

Det er Birkemo som saman med Sirdal veteranvognklubb skal gi det nye livet. Dei har fått med seg ein dedikert dugnadsgjeng på prosjektet.

Kronprins Haralds Ford Edsel 4 Door 1958 i Eigersund

Denne gjengen skal få sving på kong Harald sin gamle bil.

Foto: Erik Waage / NRK

– Det er veldig interessant. Planen er at han skal vere eit utstillingsobjekt for klubben når han blir ferdig, seier Ole Tamburstuen, leiar i Sirdal veteranvognklubb.

Bilen har heilt klar sett betre dagar, og det er mykje som må fiksast før han er køyrbar. Understell, bremser, karosseri, motor og girkasse er blant delane som ikkje er i orden.

Kronprins Haralds Ford Edsel 4 Door 1958 i Eigersund

Slik ser bilen ut innvending. Det er ein solid jobb som står att før bilen er køyrbar.

Foto: Erik Waage / NRK

Men gjengen har likevel stor tru på at den historiske bilen kan reddast.

Når bilen forhåpentlegvis er ferdig reparert, er planen at han skal ut på vegen igjen. Mellom anna for å frakte nygifte og delta på treff og løp.

– I utgangspunktet har vi sagt at det vil ta mellom fem og seks år før vi er ferdige. Men han skal køyre igjen, det skal han, seier Tamburstuen optimistisk.

PS: NRK bad Kongehuset om ein kommentar frå Hans Majestet Kongen til saka, men det kunne han ikkje gi. Kong Harald er til info sjukmeldt til 14. mars etter ein operasjon i slutten av januar.