NRK Meny
Normal

Dette er valet i Strand

Her er sakene politikarane i Strand er ueinige om før valet måndag 14. september.

Valglogo

Bør Strand slå seg saman med Hjelmeland og Forsand kommune?

I diskusjonen om kommunesamanslåing har å gå saman med Hjelmeland og Forsand blitt trekt fram som det mest sannsynlege. Strand er den største kommunen i folketal av desse tre.

Bør kommunen prioritere å bygge gangbru til Jørpelandsholmen?

Kommunen har sett av sju millionar kroner til ei gangbru ut til Jørpelandsholmen, eit friluftsområde som kommunen allereie har brukt pengar på å leggja til rette. Forkjemparane for ei gangbru meiner det er viktig å gjere det enkelt å bruke friluftsområde i sentrum, medan motstandarane meiner pengane burde bli brukt på andre ting.

Skal nye skulebygg på Jørpeland og Tau prioriterast?

Strand kommune står framfor sterk vekst i folketalet når Ryfast opnar i 2019. Det betyr at skulane i kommunen må utvidast. Problemet er at Strand slit med dårleg økonomi, og også har fleire andre uløyste oppgåver.

Bør kommunen inngå eit samarbeid med private aktørar for å få bygd eit kulturhus på Jørpeland?

I mange år har det vore snakk om å byggje eit nytt kulturhus på Jørpeland. Nokre parti meiner at kommunen og private aktører må samarbeide om å bygge eit nytt kulturhus på Jørpeland gjennom å selje Torghuset og byggje nytt kulturhus på Vasstveittomta.

Bør eigedomsskatten i Strand fjernast?

Det er i dag eigedomsskatt på både hus og hytter i kommunen. Argumentet for er at dette gir kommunen inntekter som kan brukast på kommunale tenester. Motargumentet er at kommunen burde skaffe desse inntektene på ein annan måte.

Bør alle butikker i Strand kunne halde opent på sundagar, dersom Stortinget tillèt det?