Hopp til innhold

Dette er valet i Hjelmeland

Her er sakene politikarane i Hjelmeland er ueinige om før valet måndag 14. september.

Valglogo

Bør Hjelmeland halda fram samtalane med Strand og Forsand om kommunesamanslåing?

Dagens fleirtal samarbeider med Strand og Forsand om å greia ut samanslåing. Andre alternativ er at Hjelmeland framleis skal vera eigen kommune, eller at ein i staden skal sjå mot Suldal og Sauda.

Skal Hjelmeland kommune investera i vegar og liknande for private?

Høy gjeld gjer at Hjelmeland kommune må bruke mykje pengar på renter og avdrag. For å få ned gjelda må kommunen investera mindre. Då meiner fleire parti at til dømes vegar til private byggjefelt ikkje er kommunen si oppgåve, medan andre meiner dette er pengar kommunen vil få att på lengre sikt.

Har Hjelmeland råd til å halde oppe kulturskulen på dagens nivå?

Kutt i tilbodet i kulturskulen kan bli aktuelt fordi kommunen må spare pengar. Dei som ser dette som eit alternativ, meiner at Hjelmeland likevel vil bruka meir pengar på kultur enn mange andre kommunar. Motstandarane av kutt meiner at eit godt fritidstilbod er så viktig at kulturskulen må vera som i dag.

Skal kommunen gje norskopplæring til fleire arbeidsinnvandrarar?

17 prosent av innbyggjarane i Hjelmeland er innvandrarar. Mange av dei er arbeidsinnvandrarar som ikkje har rett på betalt norskundervisning. Hjelmeland har eit tilbod om vaksenopplæring, men dette må styrkast slik at til dømes bedrifter som vil betala norskkurs, kan få det i eigen kommune.

Bør alle butikkar som ønskjer det, få halde ope på vanlege sundagar, dersom Stortinget gjev høve til det?

Bør områda nord for Jøsenfjorden overførast til Suldal kommune?

Dersom dette området blir overført til Suldal, slepp Hjelmeland utgifter til skule og barnehage for innbyggjarane der. Ulempa er at det meste av kraftinntektene til Hjelmeland stammer frå området nord for fjorden.

Flere nyheter fra Rogaland