Hopp til innhold

Vinnarane av cupfinalesong-konkurransen er kåra

Nesten 40 deltakarar vart til seks superfinalistar. No er vinnarane av cupfinalesong-konkurransen kåra.

FKH-Viking collage

Juryen har plukka ut dei seks finalistane i cupfinalesong-konkurransen. No er det du som bestemmer kven som vinn!

Foto: NTB scanpix

For FK Haugesund var det bidraget til Geir Halleland «Jobba, jobba Haugesund» som vann, medan Gilberdal sin «Det besta som har hendt meg» vart årets cupfinalesong for Viking.

Gilberdal

KLAR FOR FINALE: Bandet Gilberdal har laga låten «Det besta som har hendt meg».

Foto: Privat

Mange tok utfordringa

Oppgåva var enkel – og vanskeleg: «Skriv ein ny cupfinalesong til FKH eller Viking, spel den inn og send den til NRK Rogaland!»

Og veldig mange tok utfordringa. I løpet av to korte veker fekk NRK Rogaland inn nesten 40 bidrag til cupfinalesong-konkurransen vår.

Geir Halleland

KLAR FOR FINALE: Geir Halleland har laga låten «Jobba, jobba Haugesund».

Foto: Privat

Nokre få måtte lukast ut fordi dei ikkje trefte heilt på oppgåva, og til slutt sat juryane igjen med 35 bidrag; 22 Viking-songar og 13 FKH-songar.

Gjennom helga har juryane lytta seg fram til tre «superfinalistar» frå kvart lag.

Høyr alle «superfinalistane» her:

FKH:

Viking:

Det var opp til publikum å kåre dei to endelege vinnarane – ein song om Viking og ein om FK Haugesund. Kåringa gjekk føre seg direkte i NRK Rogaland si ettermiddagssending på P1 onsdag 27. november.

Salikatt: Anders Ringen, Frida Lingjerde Gloppen og Kristoffer Grude.

KLAR FOR FINALE: Anders Ringen, Frida Lingjerde Gloppen og Kristoffer Grude i bandet Salikat.

Foto: Daniel Sheikh

Stemmeslusene opna klokka 14.03 og stengde klokka 16.00. På den tida kom det inn 30.000 stemmer. Og det vart spanande heilt fram til siste slutt.

– Dette er veldig kjekt. Eg kjenner at eg er rørt, seier Øystein Gilje i gruppa Gilberdal.

I Haugesund var det Geir Halleland som gjekk av med seiaren med låten «Jobba, jobba Haugesund».

– Dette er fantastisk kjekt. Det har vore eit godt samarbeid om denne låten. Eg er veldig fornøgd, seier han.

Juryen som har plukka ut dei seks «superfinalistane» har bestått av representantar frå FK Haugesund, Viking, Maakeberget, Vikinghordene, lokalmedia og NRK Rogaland.

Lennart Ims - Riska FK

KLAR FOR FINALE: Riska FK har laga låten «Drømmen leve nå».

Foto: Renate Faste