Hopp til innhold

Det blir ingen fusjon mellom UiS og HSH

Søndag vedtok eit einstemming styre ved Universitetet i Stavanger (UiS) å avslutta fusjonsprosessen med Høgskolen Stord/Haugesund (HSH).

Universitetet i Stavanger

Det blir ikkje fusjon mellom Universitetet i Stavanger (UiS) og Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) med det første.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Årsaka er ifølge UiS-styret manglande vilje ved HSH til å gjennomføra samanslåinga, noko dei beklagar.

– UiS-styret har heile tida vore positive til ein fusjon med HSH og ønska å få dette til. Derfor ville også eit fleirtal i UiS-styret gå ein siste runde med HSH for å få på plass ein felles fusjonsplattform, seier rektor Marit Boyesen til UiS sine heimesider.

UiS-rektoren er nå opptatt av å sjå framover og å styrka universitetet. Ho understrekar at det kan vera ein fordel å vera ein liten institusjon med ein tydeleg profil som skil seg frå andre institusjonar i Norge.

UiS-styret støtta dermed vurderinga til universitetsdirektøren i saksframlegget:

«Universitetsdirektøren tar til etterretning at tross styrets klare vedtak, har ikke partene klart å enes om en felles fusjonsplattform innen tidsfristens utløp.»

Etter ei totalvurdering meiner universitetsdirektøren at ein fusjon med HSH vil vera eit for stort risikoprosjekt for UiS og universitetet si vidare utvikling.