Hopp til innhold

Det blir ikkje billigare kollektiv i Stavanger

Det blir ikkje 20 prosent billegare kollektivtrafikk i Stavanger slik regjeringa har lova. Men kanskje ein prisauke på tre prosent i staden.

Kolumbus

Samarbeidet mellom Kolumbus og NSB i Rogaland, gjer at folk her ikkje vil merka noko til regjeringas løfter om billigare kollektivtrafikk.

Foto: Erik Waage

105 millIoner kroner ekstra i statsbudsjettforliket skulle sikre at også folk i Stavanger, Oslo, Akershus, Bergen, og Trondheim får 20 prosent billigare periodebillett på kollektivtrafikk, på same måte som områda utanfor byene fekk det i oktober.

Men dette vil ikkje skje i Stavanger.

– De som da bruker NSB kort vil få det billigare, men de som bruker Kolumbus-kort vil ikkje merke noko, seier fylkesrådmann Trond Nerdal.

Men kvifor blir det ikkje billegare for det store fleirtalet av togpassasjerane i Stavangerområdet? Fordi eit Kolumbuskort for strekning frå Stavanger til Sandnes kostar 700 kroner. Eit NSB kort på same strekninga kostar 864 kroner.

Det betyr jo at dei aller fleste kjøper Kolumbuskortet, som også gjeld for buss.

Kolumbus betalar NSB

På grunn av takstsamarbeidet betaler Kolumbus 164 kroner til NSB for kvart periodekort. Når nå NSB set ned prisane med 20 prosent, blir prisen på korta nesten like, og den kompensasjonen Kolumbus må betale til NSB, blir om lag null.

– Derfor er det ikkje så lett per i dag å si kva konsekvensar statsbudsjettet vil få for de reisande i Rogaland, seier stortingsrepresentant Iselin Nybø (V), som vedgår at det nok ikkje blir 20 prosent billegare kollektivbillettar for dei aller fleste i Rogaland.

Kan bli dyrare

Så 20 prosent billegare blir det ikkje med Kolumbuskortet til neste år. Det kan faktisk bli dyrare. Forslaget til Rogaland fylkeskommune sitt budsjett for 2017, legg opp til ein prisauke på tre prosent til neste år.

– Dette har eg ikkje oversikt over. Vi jobbar med eit notat om de endelege konsekvensane av statsbudsjettet, seier Nerdal.