Hopp til innhold

Denne brua kan sette over 1000 arbeidsplassar på spel

Eigersund kommune må vente i fleire år på ny bru til regionens største industriområde. Bedriftene fryktar det blir skjebnesvangert. – Hadde ikkje skjedd i storbyen, meiner ordføraren.

Eigerøy bru

Den nesten 70 år gamle brua er moden for utskifting. Men bygging av ny bru skjer først om seks år.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Frå ein til ti i alvorsgrad så er me på ein tiar, seier Harald Minge, leiar av næringsforeininga i regionen.

Eigerøy bru er einaste fastlandsforbindelse mellom Eigerøy og Eigersund. Her ligg det største industriområdet i Dalane med 2000 tilsette.

Derfor gjekk det sjokkbølger gjennom næringslivet i kommunen då Vegvesenet ikkje gav løyve til å frakte 150 vindmøller over den nesten 70 år gamle brua.

– Det kom som lyn frå klar himmel, seier Minge.

Harald Minge

– Det skapast fleire nye interessante bedrifter i regionen. Då må det offentlege legge til rette for det, meiner Harald Minge.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Grunnen er at brua har passert middagshøgda.

– Ein ungdom på 25 år kan du belaste ein god del. Men ein person på 70 år kan du ikkje presse like hardt, fortel Magne Langeteig, prosjektleiar i Vegvesenet.

Bekymra for framtida

Fram til ei ny bru står på plass vil ikkje staten løyve middel til å ruste opp den gamle.

Det kan ta ti år. Staten har løyva 310 millionar kroner til ny bru. Den ligg inne i Nasjonal transportplan (NTP) i perioden 2024–2029.

– Brua, med dei vektavgrensingane som gjeld no, dekker dagens transportbehov. Det vil derimot få store konsekvensar for vår verksemd på Eigerøy og i regionen elles dersom ytterlegare avgrensingar blir innført, seier Tor Ådne Jørgensen.

Magne Langeteig, prosjektleder i Statens vegvesen, region vest.

Magne Langeteig i Vegvesenet fryktar spesialtransport vil redusere levetida til brua.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Han er prosjektdirektør ved Aker Solutions, som er Eigersund kommune si hjørnesteinsbedrift. 98 prosent av alt gods bedrifta mottar, blir frakta over brua.

– Me er bekymra for framtida om ein ikkje prioriterer ny bru, skriv dagleg leiar i entreprenørselskapet B & G, Øystein Langemyr, i eit brev til næringsforeininga.

– Ville vore bygd allereie i Stavanger-regionen

Ifølge fagekspertar kan nye skader på brua føre til ytterlegare vektavgrensingar. Vegvesenet stadfestar at dei følger ekstra nøye med på brua.

– Dagens situasjon gjer at hundrevis av arbeidsplassar er sett i spel. Me har kjempa for ny bru i fleire tiår. Me er nøgde med at den ligg inne i NTP, men sjokkbeskjeden i sommar gjer at brubygginga må skje tidlegare, seier Eigersund-ordførar Odd Stangeland (Ap).

Ordfører i Eigersund Odd Stangeland

Ordførar Odd Stangeland fortel at dei får spørsmål frå innbyggjarane om brua er sikker. Det er den, fortel Vegvesenet.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Derfor trappa han og representantar frå næringslivet opp hos Samferdselsdepartementet førre veke for å klargjere viktigheita av tidlegare byggestart.

– Hadde brua vore porten inn til Risavik hamn utanfor Stavanger, ville ho ha vore bygd allereie, meiner Stangeland.

– Eg vil oppmoda ordføraren i Eigersund til ein meir konstruktiv dialog enn slike utsegn, svarer statssekretær Tommy Skjervold (Frp).

Han seier dei forstår den lokale uroa, og har difor bedt Vegdirektoratet gjennomføre ei ny undersøking for å sjå om brua kan tole tungtransport.

Dei kan derimot ikkje lova at ny bru kjem tidlegare enn planlagt.

Tilbyr staten lån

Tommy Skjervold

Tommy Skjervold (Frp) påpeikar at brua er trygg.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

Dersom ikkje brua blir påskunda, er tidlegaste byggestart om seks år. Så lenge kan ikkje næringslivet og kommunen vente. Difor er både ordføraren og næringsforeininga villige til å legge pengar på bordet.

– I verste fall kan me måtte vente i ti år. Det har me ikkje tid til, seier Harald Minge.

Statssekretær Skjervold seier at saka handlar om rekkjefølgja i NTP, ikkje om pengar, men at dei er velkomne til å sende ein formell førespurnad.