Hopp til innhold

Den nye ekspressheisen i Røldal tar form

Med ein ny ekspressheis til 40 millionar kroner blir Røldal skisenter blant dei større skisentera i landet.

Ny skiheis i Røldal

VIDEO: Sjå tv-reportasje om den nye skiheisen i Røldal.

Nå er alle mastene til den nye ekspressheisen på plass i skibygda Røldal. Totalt 11 mellommaster, i tillegg til topp- og botnmast.

Arbeidet med den nye firesetars stolheisen ligg før skjema og målet er opning i god tid før jul.

– Dette er den største investeringa skisenteret nokon gong har gjort, seier Oddvar Bratteteig, dagleg leiar ved Røldal skisenter.

Med den nye heisen får Røldal skisenter ein kapasitet som gjer at dei kan frakta 7.500 gjester i timen.

Skisenteret har klart å få til finansiering av heisen gjennom god eigenkapital, lån og ein million i støtte frå Odda kommune. Utstyret er kjøpt i Italia og Austerrike.

Prislappen på ekspressheisen er 40 millionar kroner. Totalt har skisenteret planar om å bygga ut for 150 millionar kroner.

– Me må henga med i utviklinga som er rundt oss. Derfor må me investera, seier Bratteteig.

Glad ordførar

Den nye heisen startar ved undergangen ved hyttefeltet i Håradalen, 680 meter over havet.

John Opdal Odda

Ordførar i Odda, John Opdal.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Avstigninga blir midt i anlegget, 1000 meter over havet. Odda-ordførar John Opdal (H) lar seg begeistra av heisinvesteringa.

– Eg er svært glad for at dette blir gjort. Røldal er eit flott område og eit fyrtårn i turistnæringa i kommunen, seier han.

– Kan det gi andre ringverknader?

– Ja, dette gjer at me får fleire besøkande, og fleire vil bruka restaurantane og overnattingsplassane i regionen. I tillegg vil fleire få sjanse til å bygga seg hytte her. Dette vil løfta Odda som turistkommune, seier ordføraren.

Fryktar ikkje mildare klima

Røldal skisenter er kjent for å vera ein av dei mest snøsikre stadane i heile Norge. Nå bli snørike vintrar viktigare enn nokon gong for dei som har investert fleire titals millionar.

Men trass varsel om mildare klima, skisentersjefen mistar ikkje nattesøvnen av den grunn.

– Eg søv godt om nettene. Me ligg slik til at me har snø kvar einaste vinter, og me har mykje å gå på om me fått litt mindre snø enn normalt, seier Oddvar Bratteteig.

Skiheis Røldal

Den nye skiheisen i Røldal kan minna om heisane i langt større skidestinasjonar i Alpane.

Foto: Magnus Stokka

Flere nyheter fra Rogaland