Hopp til innhold

Sjå millionplanane for Røldal skisenter

Røldal skisenter har planar om å byggja ut for 150 millionar kroner. – Dette vil bety enormt mykje for kommunen, seier ordførar i Odda, Jon Oppdal.

røldal skisenter illustrasjon

ILLUSTRASJON: Her er planane for korleis Røldal kan bli sjåande ut i framtida. Den nye heisen kan du sjå frå botn i teikninga, vidare opp mot venstre i terrenget.

Foto: Røldal skisenter

Røldal skisenter skal investera meir enn 150 millionar kroner i skianlegget dei komande åra. Det vil gjere skisenteret til eit av dei største i landet.

– Stadig fleire vitjar skisenteret, no må me rett og slett få eit større skisenter, seier dagleg leiar ved senteret, Oddvar Bratteig.

Treng større plass

Jon Opdal

NØGD: Ordførar i Odda, Jon Opdal, meiner eit nytt skianlegg i Røldal vil bety mykje for kommunen.

Foto: Høyre

Av dei 150 millionane som skal investerast er ein ny ekspressheis blant dei største enkeltprosjekta.

Ekspressheisen til 40 millionar kroner skal stå klar når Røldal skisenter opnar komande sesong. Den nye heisen betyr mykje seier Bratteig.

– Me har vakse veldig dei siste åra. Kring 70.000 personar vitjar oss kvar vintersesong. Me treng heilt klart større kapasitet, seier Bratteig.

No ynskjer han å ta ein større del av området i bruk.

– Me har utviklingsplanen klar. Styret har bestemt at me skal bruke 156 millionar kroner over tid. Ein ny skiheis til 40 millionar kroner står klar til neste sesong.

NRK har tidlegare omtala at mangel på snø gjer at mange skianlegg slit med låge besøkstal og vanskar med å overleve i framtida. Men ifølgje geolog Jostein Bakke ligg Røldal god an.

– Røldal ligg jo høgt oppe, så det betyr meir snø. Eg trur det er eit skisenter som vil klare seg fint.

Ventar auke i turismen

Ordførarar Jon Oppdal meiner ei satsing på skisenteret vil aha store ringverknader for resten av kommunen.

– Dette vil vere særs viktig for oss. Det er jo mykje pengar det er snakk om, men eg trur det vil vere vel verdt det.

Han legg til at det er private midlar som vert brukt på skisenteret og ikkje kommunale.

– Sånn sett er det jo deira eigen risiko, men Odda kommune har tidlegare gitt éin millionar kroner i støtte til skisenteret. Dette er noko me har stor tru på.

– Elles for kommunen vil dette bety mykje. Det vil vere meir attraktiv å bygge hytter i kommunen. Det vil igjen føre til fleire arbeidsplassar, seier ordføraren.

– Me ser at det er stadig fleire, særskilt frå Bergen, som vel å kome hit til Røldal i staden for andre alternativ i Hordaland, seier Bratteig.