Hopp til innhold

Sponsa med 1,2 millionar

Dalane vidaregåande skule i Egersund får utstyr til ein verdi av 1,2 millionar kroner av industriverksemdene Aarbakke og Titania.

Sigbjørn Svalestad
Foto: Øystein Ellingsen, Egersund / NRK

I dag er det stor mangel på utstyr til prosess og maskinerifaget i dei vidaregåande skulane.

Med detta utstyret på plass kan den nye læreplanen for vidaregåande skular følgast frå starten i haust. Det hadde ikkje vore lett utan.

Får valuta for pengane

Og industriverksemdene Aarbakke på Bryne og Titania i Sokndal er ikkje i tvil om at dei får god valuta for pengane etterkvart.

- Me treng lærlingar, og det er difor me vil støtta skulen, seier Geir Hegelstad hjå Aarbakke og Johnny Sollie hjå Titania.

Assisterande rektor ved Dalane vidaregåande skule, Sigbjørn Svalestad seier at gåvene har mykje å seie for opplæringa på skulen.