Den største postterminalen i Norge, etter Oslo, skal byggast på Ganddal. Det har styret i Posten Norge bestemt. Terminalen vil kosta nesten sju hundre millionar kroner, og blir arbeidsplassen for 330 tilsette når det står ferdig i 2017.
Miljøvinst
Trafikken på den gamle postterminalen på Forus har auka enormt. Netthandel gjer at kapasiteten er fullstendig sprengt, og utstyret er gått ut på dato.
Med den nye terminalen vil også få ein miljøvenleg vinst: Posten reknar med at den nye terminalen vil føra til at dei køyrer 600.000 færre kilometer med bil i året, fordi dei i større grad kjem til å bruka jarnbana, som blir nærmare terminalen.
– Det gler me oss veldig til! Det gir oss større moglegheiter til å betena marknaden, seier Anders Svensson, distriktssjef i Posten Norge.
Merkar kostnadsnivået
Nærmare sju hundre millionar skal det kosta, men det har ikkje vore enkelt å få brikkene på plass. Posten har fått merka at Stavanger er eit pressområde.
– Me har bygd nokre terminalar tidlegare, og kostnadsnivået i Stavanger er høgt samanlikna med andre stader me har bygd. Men me har ikkje noko val, for me må bygga ut for å auka kapasiteten. Og så ønskjer me å samla alle våre aktivitetar under eitt tak, seier Tor Olve Hagen, regiondirektør i Posten Norge.
– Me kan firedobla kapasiteten dersom me vil. Eg veit ikkje om me har behov for det i Stavanger, men me kjem i alle fall til å dobla kapasiteten, seier Hagen.