Hopp til innhold

– Framleis på rett veg etter oljekrisa

Eigedomsmeklarane ser på dagens bustadtal som nok ei stadfesting på at ting har snudd i oljebyen Stavanger.

Bustadhus i Stavanger

– Stavanger opplever ein velfungerande og god bustadmarknad, seier direktør i Eiendom Norge, Christian Vammervold Dreyer.

Foto: Inger

Det er ikkje mykje meir enn eitt år sidan at Stavanger opplevde eit stort fall i salet av bustader og prisen dei gjekk for. Nå syner nye tal frå Eiendom Norge at salet av bustader framleis går kraftig opp i oljebyen.

  • Så langt i år har det i Stavanger blitt seld 24,7 prosent fleire bustader enn på same tid i fjor.

– Det viser at me har ein brukbar marknad når det kjem til kjøp og sal av bustader. Det at folk får selja når dei legg ut bustaden sin fører også til at folk får større tiltru til marknaden, seier regionsjef i Eiendoms Megler 1, Rune Bertelsen.

Går ikkje til vêrs som ein rakett

Når det kjem til prisar på bustadane har det også snudd i Stavanger. Fram til april i år har prisen sett over rit heilt år gått ned. Mai var den første månaden på lenge med positive tal, ei trend som held fram i juni.

  • I Stavanger har bustadprisane stige med 1,3 prosent dei siste tolv månadene.

– Dette tek eg som ei stadfesting på at ting har snudd. Nå kan me heile vegen seia at marknaden er betre enn den har vore. Det bekreftar at det sakte men sikkert blir betre i Stavanger-marknaden, seier Bertelsen.

Han presiserer likevel at det ikkje er ein oppgang som går rett til vêrs som ein rakett.

– Marknaden var overoppheta ei stund, me er ikkje på veg tilbake der. Marknaden er nøktern og det er openbart at folk har friskt i minne at det for ikkje lenge sidan var svært vanskeleg å få selja i området. Nokre fekk endå til ikkje selja, seier han.

– Velfungerande og god bustadmarknad

Til slutt tek me også med den nominelle prisveksten. Den går vanlegvis ned i juni som er ein månad med lite aktivitet på bustadmarknaden. Det har den også gjort nå.

  • I Stavanger har bustadprisane gått ned med 0,8 prosent.

Denne nedgangen er likevel moderat samanlikna med resten av landet der nedgangen er på 1,6 prosent.

– Stavanger opplever ein velfungerande og god bustadmarknad, seier direktør i Eiendom Norge, Christian Vammervold Dreyer.

Bertelsen er heller ikkje uroleg på grunn av denne nedgangen.

– Det er ikkje uventa at ting går litt opp og ned. Det viktigaste er at den underliggande trenden er positiv, seier han.

Andre tal frå Rogaland

Den nominelle prisveksten ser elles slik ut for andre byar i Rogaland.

  • Stavanger: -0,8
  • Sandnes: -1,1
  • Haugesund -0,8
  • Rogaland: -0,9