Hopp til innhold

Bustadprisane går ned

Nedgangen i Rogaland har ført til at det for første gong på tre år er dyrare å kjøpa seg leilegheit i Oslo enn i Stavanger.

Prisnedgang

RAUDE TAL: Bustadprisane på Nord Jæren er av dei høgste i landet. Men nå går prisane ned også her. På landsbasis er nedgangen i bustadprisane 0,4 prosent.

Foto: NRK

Rune Bertelsen

Leiar i Rogaland Eiendomsmeglerforening, Rune Bertelsen.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Det blir nok langt vanlegare at bustader går for prisforslag framover, seier Rune Bertelsen, som er leiar i Rogaland Eiendomsmeglerforening.

0,4 prosent ned

Han har nett fått prisstatistikken for juni frå Eiendomsmeglerforetakenes Forening (Eff). Tala syner ein prisnedgang i bustadmarknaden i heile landet på 0,4 prosent.

I Stavanger og Sandnes-området har ein snittbustad gått for om lag 50.000 kroner mindre i juni enn i mai. Bertelsen meiner stort tilbod er hovudårsaka.

– Me har hatt mange år med heftig prisoppgang. I det siste har me sett at det har vore eit stort tilbod med bustader, og derfor har dei mest heftige bodrundane uteblitt, seier han.

– På veg til normaltilstand

Meklarane ventar at årsveksten vil bli på maksimalt 6 prosent for 2013, som er det lågaste på ti år om ein ser vekk frå finanskriseåra 2008 og 2009. Administrerande direktør, Christian Dreyer, i Eff meiner likevel at det ikkje er krisetendensar i bustadmarknaden.

– Denne utviklinga er ein indikasjon på at bustadmarknaden er tilbake i ein normaltilstand. Det er betre balanse enn på veldig lenge mellom tilbod og etterspurnad, seier Dreyer.

For trass prisnedgangen tar det likevel ikkje lang tid å få seld ein bustad.

– Det tar ikkje tar meir enn tre veker å selja ein bustad i Stavanger, me hadde kanskje rekna med at det skulle gå litt lenger tid i juni, seier Bertelsen.

Delte bustader opp

Bustadprisane er 5,9 prosent høgare enn gjennomsnittsprisen for 2012, viser bustadprisstatistikken til eigedomsmeklarbransjen.

Ifølgje dei nye tala har prisane på einebustader gått ned med 1 prosent frå mai og var 5,1 prosent høgare enn i juni i fjor.

Prisane på delte bustadar har stige med 0,7 prosent frå mai og ligg 6,1 prosent høgare enn i same månad i fjor, mens prisane på leilegheiter fall med 0,9 prosent frå mai.

Her ligg prisane 5,6 prosent høgare enn i juni 2012.

Dyrare i Oslo enn i Stavanger

Det han meiner er mest oppsiktsvekkjande med tala for juni, er at det nå er billigare med leilegheit i Stavanger enn i Oslo.

– Det er første gong på tre år, slår han fast.

I september 2010 passerte Stavanger nemleg Oslo på kvadratmeterpris i leilegheiter. Den nye statistikken syner nå at Oslo er 100 kroner dyrare enn oljehovudstaden, med ein kvadratmeterpris på 48.000 kroner.

– Dette er olja som er årsaka til at det har vore slik, og det er jo unikt i europeisk samanheng at den fjerde største byen i eit land er den dyraste. Derfor er det nok berre bra for Stavanger at Oslo nå er dyrare, seier Bertelsen.

Han legg til at Stavanger likevel har flatare prisar enn Oslo.

– I Oslo har ein mykje meir variasjon i prisane, som heng saman med bydelane. I Stavanger finst det ikkje eit aust-vest-skilje, her er det heller alder på leilegheita og avstand frå sentrum som er avgjerande, seier han.

– Korleis ser du på fortsetjinga på den norske bustadmarknaden?

– Nå er det grunn til å tru at bustadmarknaden vil flata ut framover. Eg trur ikkje det blir noko særleg nedgang, prisauken på årsbasis når me går ut av 2013 vil kanskje enda opp på fem prosent, seier han.