Hopp til innhold

Trur ikkje på fall i bustadprisane

– Det blir ikkje eit dramatisk prisfall i bustadmarknaden, seier sjefsøkonom i Norsk familieøkonomi, Reid Krohn-Pettersen.

Stavanger

Stavanger har hatt landets høgste kvadratmeterpris på leilegheiter sidan 2010.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Sjeføkonom i Norsk familieøkonomi, Reid Krohn-Pettersen

Sjeføkonom i Norsk familieøkonomi, Reid Krohn-Pettersen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK
Jone Thomassen

Jone Thomassen er eigendomsmeklar i Focus.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

I dag kunne NRK.no fortelja om fleire økonomar som spår at det kan koma eit kraftig prisfall på bustader i dei store norske byane i løpet av dei neste åra, dersom oljeprisen går ned.

Spesielt kan prisfallet ramma hardt i Stavanger, der bustadprisane har hatt ei enorm vekst dei siste åra.

Trur ikkje på fall i oljepris

Reid Krohn-Pettersen frå Bryne har lita tru på spådommane, og avdramatiserer det heile. Han er sjefsøkonom i selskapet Norsk Familieøkonomi, som driv med økonomisk rådgjeving til private kundar.

– Skal det koma krakk i bustadmarknaden må det skje noko radikalt. Eit stort fall på oljeprisen kunne vore noko som utløyste dette, men det har eg lita tru på vil skje, seier Krohn-Pettersen.

Han seier at etterspurnaden i Kina ikkje er like stor lenger og at amerikanarane snart er sjølvforsynte med olje, men han meiner at dette ikkje er nok til å råka oljeprisen.

Likevel har prisane på bustadmarknaden allereie flata ut.

– I denne regionen forbrukar me framleis meir enn andre stader i landet, derfor vil også etterspurnaden etter bustader vera stor her lenge, seier han.

– Slutt på gode tider for spekulantar

Det at prisane har flata ut i Stavanger dei to siste månadane, og at det er 150 fleire bustadannonsar på Finn.no, nå enn for to månader sidan, meiner eigendomsmeklar, Jone Thomassen i Focus, har naturlege forklaringar.

– Årsaka til dette er nok heller at mange store prosjekterte leilegheiter har blitt bygde den siste tida. Desse blei bygde for å spekulera i eigedom, seier Thomassen.

Han seier at det nå er slutt på den tida der folk kunne kjøpa ein leilegheit, for å selja den to år seinare med ein halv million i forteneste. I tillegg er det færre på visningane.

– Dei siste fjorten dagane har eg seld hus som har gått for prisforslaga og over. Derfor er altså kjøparane der ute, om ein har dei rette objekta, det er berre litt for mange leilegheiter på 70 til 100 kvadratmeter der ute nå, seier han.

– I Rogaland har me den lågaste arbeidsløysa i heile Norge, og me har stor etterspurnad etter arbeidskraft, derfor vil nok prisane i bustadmarknadane til å halda seg, avsluttar Krohn-Pettersen.