Hopp til innhold

Det einaste som skil desse er emballasje og pris: – Prøver å lure oss

Maisproduktet retta mot barn blir marknadsført som saltfritt. Men heller ikkje den «vaksne» versjonen inneheld salt.

14 kroner skiller disse to produktene

Maisen til høgre er retta mot barn, og er både salt- og sukkerfri. Men det er også den til venstre.

Foto: Elise Pedersen / NRK

Unnskyld, kva for eit av desse maisprodukta ville du valt?

– Eg trur eg ville ha valt den, svarer Malin Hofseth. Ho peikar på maisboksen «Green Giant Kids».

NRK møter Hofseth saman med hennar tre år gamle son utanfor eit kjøpesenter i Stavanger.

– Eg hadde valt den fordi det står at den er saltfri, grunngir ho vidare.

Malin Hofset reagerer på forskjell på pris mellom de to produktene

Malin Hofset var ikkje klar over at innhaldet var det same i dei to pakkane.

Foto: Elise Pedersen / NRK

Men idet ho blir vist næringsinnhaldet på begge pakkane, blir ho overraska. Den «vanlege» økologiske varianten er nemleg også saltfri.

Faktisk er næringsinnhaldet på dei to produkta heilt identisk. Men pakken med lukkelege, fallskjermhoppande maiskorn merka «kids» er 14 kroner dyrare.

– Skinnet bedreg. Dei prøver jo å lure oss til å kjøpe pakken retta mot barn, seier Hofseth.

Det er ingen forskjell på næringsinnholdet mellom disse to.

Næringsinnhaldet viser nøyaktig det same. Per 100 g er det 0,00 gram salt.

Foto: Elise Pedersen / NRK

NRK har prøvd å kome i kontakt med Green Giant fleire gonger, men har foreløpig ikkje fått noko svar. Dersom Green Giant svarer etter publisering, vil saka bli oppdatert med dette.

Kvittering på mais

Kvitteringa viser at maisen for barn kostar 14 kronar meir enn vanleg mais.

Foto: Skjermbilde

– Ein blir lurt

Maja Skogstad har ei mastergrad i samfunnsernæring, og har over 65.000 følgjarar på Instagram, der ho kallar seg «Ernæringsmamma».

Ho fryktar at det er dei ubevisste kundane som må ta støyten for denne typen marknadsføring.

– Det er mange som tenkjer at all mat som er på butikken er sunt, og at vi har eit regelverk som vernar oss, og som dermed ikkje sjekkar næringsinnhald og kiloprisen, fortel ho.

I dette tilfellet kostar det eine maisproduktet 140,3 kroner per kilo, den andre kostar 184 kroner per kilo.

På Instagram delte Skogstad ein video kvar ho oppmoda foreldre til å bli meir skeptiske til denne typen marknadsføring.

Ernæringsviter Maja Skogstad ernaeringsmamma på Instagram, 
holder en baby og ser inn i kamera. Hun er kritisk til at barn tilbys store mengder sukker. Hun reagerer på at Interoptik tilbyr gratis is til barn.

Ernæringsviter Maja Skogstad posta eit innlegg til følgjarbasen sin på Instagram, der ho oppmoda følgjarane sine til å vere kritiske til marknadsføring.

Foto: Privat

Videoen fekk fleire i kommentarfeltet til å reagere.

Ein av følgjarane hennar skriv mellom anna at dei ville kjøpt maisen retta mot barn, då den er merka «Utan tilsett sukker».

I ein artikkel der Helse-Noreg kjem med råd om saltinntaket til barn, skriv dei at saltinntaket for dei mellom to til ti år, bør avgrensast til mellom to til fire gram per dag.

For barn under to år, bør saltinntaket vere avgrensa til under to gram.

Skogstad er uroa for om bedriftene bruker desse kosthaldsråda til eigen profitt.

– Industrien speler på enkelte næringsstoff som me har blitt fortalt er farleg. Dette gjer dei for best mogleg profitt. Det gjeld fleire varer i daglegvarebutikken, seier Skogstad.

Mais for barn koster 14 kroner mer enn den vanlige.

Produkta står rett ved sida av kvarandre i daglegvarebutikken.

Foto: Elise Pedersen / NRK

Les også Leverpostei for barn får kritikk: – Full av søppel og matsminke

Tre bokser Eventyrpostei oppå hverandre

Ikkje ulovleg

Nina Elise Dietzel er underdirektør i Forbrukartilsynet. Ho skriv i ein e-post til NRK at marknadsføringslova ikkje inneheld noko forbod mot å rette marknadsføring til barn.

– Men barn har likevel eit særleg vern mot marknadsføring, og det er ikkje tillate å direkte oppmode barn til å kjøpe produkt.

Nina Elise Dietzel, seksjonssjef i Forbrukertilsynet

Nina Elise Dietzel er underdirektør i Forbrukartilsynet.

Foto: DAG JENSSEN / DAG JENSSEN

Ho skriv vidare at næringsdrivande står fritt til å bestemme prisen på varene.

– Men dei er mellom anna forplikta til å oppgi einingspris, slik at det er lettare for forbrukarane å samanlikne prisen. Når ein går i butikken bør ein derfor ikkje sjå seg blind på ei fin emballasje eller innpakning, men til dømes sjå på einingsprisen.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg