Hopp til innhold

Måtte ta grep etter at stasjonen blei pepra med tusenvis av tyggegummiklyser

Bryne stasjon var «tyggegummi-versting» i landet. Så langt har Bane Nor brukt 250 timar på å fjerna klysene.

Tyggegummi Bryne stasjon.

Brukte tyggegummiklyser låg tett i tett på perrongen på Bryne for eit par veker sidan. Nå er dei fleste fjerna.

Foto: Rune Skår

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg har aldri før sett det så gale som dette, seier dagleg leiar Rune Skår i Blast It Vestlandet.

Firmaet hans har fått jobben med å fjerna tusenvis av tyggegummiklyser frå asfalten på Bryne stasjon.

I tre-fire veker har dei gått med ein dampvaskar og støvsugar for å fjerna alle dei kvite klysene. Jobben gjer dei for Bane Nor.

– Eg har drive på med dette i sju år. Rutebilstasjonen i Stavanger var tilnærma like grisete, elles er dette sjeldan, seier Skår.

Om lag eitt minutt tar det å fjerna ein tyggegummi frå asfalt. Og du må fjerna ei og ei klyse for å få eit godt resultat.

Så langt har det gått med 250 timar – og onsdag reknar dei med å endeleg vera i mål med jobben.

Det var Jærbladet som først omtalte saka.

– Det har vore ein tidkrevjande jobb og det slit på utstyret. Men me er stolte over å ha fått til noko så enkelt som å fjerna tyggegummi, seier Skår.

Han seier det har gått med fleire hundre timar med testing over fleire månader for å finna den beste metoden.

Bryne stasjon

Bryne stasjon før den store ryddejobben starta.

Foto: Rune Skår

Bane Nor: – Vil at stasjonane skal vera hyggelege

Bane Nor har ikkje talfesta kor mange tyggegummiklyser som på det meste dekka til asfalten på Bryne stasjon. Men det er fort snakk om fleire tusen.

Rune Skår

Dagleg leiar i Blast It Vestlandet, Rune Skår.

Foto: Kristoffer Apall / NRK

– Bryne stasjon hadde veldig mykje tyggegummi på stasjonen. Derfor ønska me å ta tak i problemet, seier pressevakt Gunnar Børseth i Bane Nor.

– Er dette eit stort problem på norske jernbanestasjonar?

– Eg trur ikkje det er eit større problem på våre stasjonar enn elles. Dette er noko ein ser overalt i samfunnet.

Fjerninga av dei uønskte klysene kostar i underkant av 100.000 kroner, ifølge Bane Nor.

– Me vil at stasjonane vår skal vera hyggelege plassar for dei reisande. Dersom det er for lite søppelspann på stasjonen, er det lov å seia frå til oss, seier Børseth.

På Bryne stasjon set passasjerane pris på arbeidet som er gjort.

– Det var brulagt med tyggegummi før og eg har ergra meg over det. Men nå ser det bra ut, seier Jørg Løvoll.

– Det var ikkje kjekt slik det var. Derfor er det godt at det er blitt reint og fint, supplerer Minihoune Asayehegne.

Fjerning tyggegummi Bryne stasjon.

Det tar tid å fjerna tyggegummi frå asfalt. Kvar klyse må fjernast kvar for seg. Det tar om lag eitt minutt per klyse.

Foto: Kristoffer Apall / NRK

Laga av plast

Dei fleste tyggegummiane er laga av plast basert på råolje og søtingsmiddel. Faktisk ganske mykje plast.

Tyggegummi som blir spytta på fortau og asfalt er svært vanskeleg å fjerna. På grunn av dette er det faktisk forbod mot tyggegummi i Singapore.

Brukt tyggegummi som blir kasta i naturen kan også vera til skade for dyreliv. I enkelte tilfelle kan det også bli danna mikroplast.

Tyggegummi-fjernar Rune Skår på Bryne ber derfor tyggegummi-tyggande nordmenn om å tenka seg om før dei kastar klysa på bakken.

– Bruk bosspann. Dersom det ikkje finst i nærleiken, så svelg heller tyggegummien.

NRK forklarer

Det forskerne vet etter å ha eksponert en rekke organismer for mikroplast, er følgende:

Det forskerne vet etter å ha eksponert en rekke organismer for mikroplast, er følgende:

Dette vet forskerne:

  • Plasten kan skade forplantningsevnen
  • Plasten gjør at flere dør
  • Plasten gjør at flere har energiproblemer
  • Plasten gjør at flere har betennelser og hormonubalanse

Kan være mye mer skadelig plast i naturen enn vi vet om