Hopp til innhold

Drapssaka på Bryne: Tiltalte ser fram til å få saka opp for lagmannsretten

​Ein jury på ti personar skal ta stilling til om det var den tidlegare sambuaren til 33 år gamle Scarlet Thomsen frå Bryne, som med vald forårsaka hennar død.

Bryne-drap

Kvinna blei funnen død nær bustaden hennar hausten 2015. Sambuaren blei sikta for drap kort etter. Hausten 2016 blei han dømt til forvaring i tingretten, men anka. Nå skal saka i retten på ny.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Eg meiner me har ei sterk sak, men det er opp til domstolen å ta stilling til skuldspørsmålet, seier konstituert førstestatsadvokat Thomas Frøberg.

Det er han som skal føra saka mot 38-åringen som i Jæren tingrett blei funnen skuldig i å ha mishandla sambuaren sin til ho døydde i 2015. Dommen i tingretten blei forvaring i ni år med ei minstetid på seks år, men 38-åringen anka saka.

Odd Rune Torstrup

Odd Rune Torstrup.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

– Han er av den oppfatning at han blei uskuldig dømt. Nå skal han få prøvd heile saka si på ny, noko han ser fram til, seier forsvararen hans Odd Rune Torstrup, som går for frifinning.

Har unngått forvaring tidlegare

Det er ein jury på ti personar som skal ta stilling til skuldspørsmålet. Dersom dei meiner at 38-åringen er skuldig, trekk dei ut fire lekdommarar frå juryen som saman med tre fagdommarar skal bestemma straffeutmålinga.

Den tiltalte har ein lang straffehistorikk. I perioden 2001 til 2014 er han straffedømt ti gonger.

Han har tidlegare fått forvaringsdom i tingretten etter alvorlege trugslar mot familie og politi i 2007 og 2009, men i ankesaka den gong meinte lagmannsretten at det ikkje var grunnlag for forvaring.

Seks dagar i retten

Ein forvaringsdom har som formål å beskytta samfunnet mot den dømde i framtida.

– Kva tankar gjer aktor seg om at tiltalte tidlegare har blitt dømd til forvaring i tingretten, men at lagmannsretten ikkje har funne villkåra oppfylt?

– Det er ikkje mogleg å samanlikna saker på den måten. Me får berre legga fram bevisa som finst, så legg me til grunn at domstolen vurderar dei på ein objektiv måte, seier Frøberg.

Ankesaka i lagmannsretten byrjar måndag 22. mai, og det er sett av seks dagar.