Hopp til innhold

Nye avhøyr i drapssak etter tips om tilståing

I dag skal drapet på Scarlet Thomsen frå Bryne opp i lagmannsretten igjen. Det har kome tips om at ein annan mann enn tiltalte har tilstått drapet, men aktor festar ikkje lit til tipset.

Bryne-drap

9. oktober 2015 blei Scarlet Thomsen funnen død utanfor leilegheita si. Dagen før blei ho meldt sakna av familien sin.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

I sommar blei forsvarar Odd Rune Torstrup kontakta av eit vitne som meinte å ha oppsiktsvekkande informasjon om drapet på 33 år gamle Scarlet Thomsen, som blei funnen død utanfor leilegheita si på Bryne 9. oktober 2015.

Vitnet fortalde at ein mann, som ikkje var den tiltalte, hadde tilstått drapet i vitnet sitt nærvær.

Odd Rune Torstrup forsvarar den tiltalte 39-åringen, som i Jæren tingrett blei dømt til ni års forvaring for å ha mishandla sambuaren sin til døde.

Han gjekk til politiet med den nye informasjonen.

Nye undersøkingar i drapssak

NY UNDERSØKING: Fredag for tre verker sidan blei det gjort nye krimtekniske undersøkingar utanfor huset der Scarlet Thomsen blei funnen død for to år sidan.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Festar ikkje lit til informasjonen

– Me sette i verk ein del etterforskingsskritt. Mellom anna har me gjort avhøyr av tipsaren og enkelte andre personar, seier konstituert førstestatsadvokat Thomas Frøberg, som er aktor i drapssaka.

Han seier at den nye informasjonen likevel ikkje rokkar ved saka dei har mot 39-åringen.

– Påtalestyresmaktene si vurdering er at desse opplysingane ikkje stiller mistanken i noko anna lys. Me registrerer også at tingretten er samd i dette i den seinaste fengslingsavgjersla, seier Frøberg.

Torstrup kritiserer politiet for at dei ikkje starta etterforskinga raskt nok. Ein kritikk politiet også fekk frå Jæren tingrett i ei anna fengslingsavgjersle.

– Me meiner at etterforskingsstega blei gjort med den hurtigheit ein kan forventa, mellom anna med tanke på at vitnet i første rekke ikkje ønskte å snakka med politiet, seier Frøberg.

Odd Rune Torstrup

Forsvarar Odd Rune Torstrup blei i sommar kontakta av eit vitne som meiner at ein annan person skal ha tilstått drapet på Scarlet Thomsen ovanfor vitnet. Torstrup gjekk til politiet med informasjonen.

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

Fleire nye opplysingar

Måndag skal saka opp i lagmannsretten og det nye vitne skal forklara seg ein av dei sju dagane som er sett av til saka. Ifølgje Torstrup vil det koma fram fleire andre nye opplysingar på bordet i denne rettsrunden.

– Saka er så kompleks og påtalestyresmaktene bruker mykje ressursar på den. Derfor bad eg om å få Kroken som medforsvarar, og me har fått eit stort etterforskingsmateriale som me har gått gjennom. Alt me jobbar med er ting som ikkje har vore lagt inn i saka tidlegare, seier han.

Mellom anna meiner dei at målingsflak som blei funne på kroppen til avdøde kan så tvil om kor drapet skjedde. Med grunnlag i dette har politiet nyleg gjort nye åstadsundersøkingar utanfor leilegheita der ho blei funnen.

Vurderer fleire jurymedlemar

ankesaka etter drapet på Bryne var oppe i Gulating lagmannsrett første gong i mai i år, blei rettssaka avbroten etter fire dagar. Årsaka var at eit jurymedlem hadde snakka til ein politimann, som vitna i saka, i kantina.

Dommar Carl Petter Martinsen har ikkje teke stilling til om lagmannsretten i denne runden ønsker at saka skal gå med fleire enn 10 jurymedlemar. Dette er ein praksis som ikkje uvanleg i lengre saker, for å sikra at saka kan halda fram ved fråfall av jurymedlemar.

– Me får sjå kva me kjem fram til, men i utgangspunktet trur eg ikkje me kjem til å be om fleire medlemmar. Ein skal hugse at det som skjedde sist runde er svært uvanleg, seier Martinsen.