Hopp til innhold

Brukte 4000 på elektrisk brystpumpe – slutta å fungere etter fire månadar

Elektriske brystpumper er ikkje laga for å tole meir enn 250 timar med bruk. Elektronikk i den prisklassen burde halde mellom tre og fire år, meiner Forbrukarrådet.

Angelika Olivia Helsingeng har fullpumpa sidan ho blei mamma for sju månadar sidan. Den første pumpa blei slitt ut på fire månadar - no er ho på pumpe nummer to, som også synger på siste verset.

Angelika Olivia Helsingeng har fullpumpa sidan ho blei mamma for sju månadar sidan. Den første pumpa blei sliten ut på fire månadar. No er ho på pumpe nummer to, som også syng på siste verset.

Foto: Privat

– Det er ikkje rart at mange kvinner gir opp brystpumping. Ein prøver og prøver, bruker kanskje mykje pengar på utstyr, og så går det ikkje likevel. Det er kjempefrustrerande, seier Angelika Olivia Helsingeng.

Då ho blei mamma, ønska ho å fullamme, men møtte på ammeutfordringar. Det førte til at ho fekk eit større behov for å bruke brystpumpe.

Ho gjekk til innkjøp av ei elektrisk pumpe til 4000 kroner av merket Medela.

Angelika Olivia Helsingeng er på si andre brystpumpe på sju månadar.

Angelika Olivia Helsingeng er på si andre brystpumpe på sju månadar.

Foto: Privat

– Den heldt i fire månadar. No har eg pumpa i sju månadar og er på pumpe nummer to, men den syng på siste verset den også, fortel ho.

Ei elektrisk brystpumpe kostar ein stad mellom 1000 og 7000 kroner. Dei fleste pumpene på den norske marknaden er laga for å vare i to år, eller rundt 250 timar med pumping.

For ein person som pumpar 2,5 timar til dagen svarar det til rundt tre månadar.

– Eg hadde nok brukt den meir enn 250 timar, men fekk heldigvis ikkje spørsmål då eg kom for å reklamere på den første pumpa, fortel ho.

Produsentane er ikkje forplikta til å opplyse om forventa haldbarheit, men ifølgje Forbrukarrådet har ein minst to års reklamasjonsfrist på elektronikk av den typen.

For produkt med ei levetid på mellom tre og fire år, har ein fem års klagefrist. Me meiner at mange brystpumper, og i alle høve dei i øvre prisklassar, har ein reklamasjonsfrist på fem år, seier juridisk seniorrådgjevar Thomas Iversen i Forbrukarrådet.

– Skal ein selje pumper med kortare haldbarheit enn det forbrukarane kan forvente, må denne informasjonen komme veldig tydeleg fram. Enten i emballasjen eller i butikken der produktet blir kjøpt. Det er ikkje nok å skrive det i bruksrettleiinga, seier han.

Fryktar underrapportering

Dei fleste som bruker brystpumpe vil mest sannsynleg ikkje ha behov for å pumpe like mykje som Helsingeng, men ho meiner det er viktig at folk er klar over det.

– Eg har høyrd om mange som berre har kjøpt seg ny pumpe i staden for å klage, seier ho, som starta Instagram-kontoen Pumpemamma fordi ho ikkje fann nok informasjon.

Forbrukarrådet fryktar stor underrapportering.

– Spedbarnsforeldre er ei sårbar gruppe. Det er mykje som skjer i livet på det tidspunktet, og då orkar ein kanskje ikkje styre med å klage. Då er det enklare å berre kjøpe ei ny pumpe, seier Thomas Iversen.

Thomas Iversen Forbrukerrådet

Thomas Iversen i Forbrukarrådet fryktar underrapportering om elektriske brystpumper som ikkje fungerer.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Samstundes er han kritisk til at det blir produsert elektronikk med sopass kort levetid. Elektronikk i den prisklassen burde ha langt betre haldbarheit.

– Berekraftsmessig høyrer jo ikkje dette heime nokon som helst stad. Ei brystpumpe til opp mot 7000 kroner burde heilt klart halde i minst tre år, seier han.

På sikt håper han at levetidsmerking av elektronikk vil bli ein del av marknadsføringa.

– Det ligg an til å bli eit krav frå EU, men kva tid det eventuelt vil skje, er førebels umogleg å vite, fortel han.

Les også Sko og klær kan få «holdbarhetsdato»

Hoka-sko hos skomakeren

Garanti i to år

Medela er ein av dei største aktørane innan ammeutstyr i Noreg. Grunnen til at pumpene deira ikkje har lenger haldbarheit, er fordi dei ikkje er testa lenger enn 250 timar.

– Ofte varer pumpene lenger, men det er ikkje noko me kan garantere, seier Milan Lexén i Medela.

Ifølgje han skal det ikkje vere noko problem å få ny pumpe så lenge det er innanfor toårsgarantien.

– Me er eit selskap som er kjende for å halde høg kvalitet på produkta våre, og vil støtte ammande mødrer så lenge dei treng brystpumpa, seier han.

Når pumpene sluttar å virke tidlegare enn forventa, skuldast det ofte brukarfeil, meiner han.

– Elektronikk som er meir utsett for fukt, har rett og slett lettare for å bli øydelagt. For eksempel er det fort gjort å få vatn inn i motoren dersom dei tilkopla slangane ikkje er skikkeleg tørre.

Skal ein fullpumpe, anbefaler Medela å heller leige ei sjukehuspumpe. Den har kraftig motor og lang levetid. Baksida er at den må vere tilkopla straum for å fungere og er ein del større enn dei vanlege brystpumpene.

– Eg veit ein kan få leige desse pumpene på nokre helsestasjonar, apotek eller sjukehus, men det er veldig vanskeleg å finne informasjon om kor dette er tilgjengeleg, seier Helsingeng.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg