Hopp til innhold

Bonus til kommunar som prioriterer el-gjenbruk

Det skal leggast betre til rette for at folk kan velja gjenbruk i staden for gjenvinning når gammalt elektrisk utstyr skal kastast. Og for flinke kommunar vankar det bonusar.

Tord Tjelflaat

Assisterande avdelingsleiar for gjenvinning, Tord Tjelflaat, hos renovasjonsselskapet IVAR på Forus har tru på at påskjøningsordninga vil få opp el-gjenbruk-delen.

Foto: Magnus Stokka

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det er det eine av tre returselskap for el-artiklar i Norge, Norsirk, som inngår belønningsavtalar med sine samarbeidskommunar, blant andre kommunane som eig renovasjonsselskapet IVAR i Rogaland.

Avtalen, som gjeld frå 1. april, går i hovudtrekk ut på at kommunane får eit visst kronebeløp per kilo el-avfall som går til gjenbruk. Storleiken på beløpet er ennå ikkje fastslått.

– Kundane skal få ein annan front når dei kjem til renovasjonsselskapa for å kasta ting. Det viktige er at folk ser at gjenbruk er eit alternativ, forklarer administrerande direktør Stig Ervik i Norsirk.

Ønsker å få opp el-gjenbruket

Bakgrunnen for avtalen er den låge delen el-artiklar som går til gjenbruk her i landet, trass i at Stortinget har bestemt at gjenbruk er betre enn gjenvinning.

Kvart år kvittar nordmenn seg meg om lag 150.000 tonn gamle kjøleskap, fjernsyn og radioar. Men berre 1,6 prosent av el-artiklane går til gjenbruk, viser tal frå Miljødirektoratet.

Med den nye belønningsavtalen er målet til Norsirk å få opp gjenbruk-delen til 10 prosent i løpet av to-tre år.

– Sjølv om ingen i Norge kan sjå nytta av el-produktet ditt fordi det er gammaldags, er det bruksområde både i enkeltkomponentar og i andre marknadar i andre land, seier Ervik.

Gjenvinningsstasjonen på Forus

Her på gjennvinngsstasjonen på Forus vil det bli tydeleg merka kva som går til el-gjenbruk.

Foto: Anders Fehn / NRK

Positiv til ordninga

Ved gjenvinningsstasjonen til renovasjonsselskapet IVAR på Forus blir mange brukbare el-artiklar kasta, ifølge assisterande avdelingsleiar for gjenvinning, Tord Tjelflaat. Han er derfor svært positiv til den nye påskjøningsordninga.

– Det er kjempeflott at Norsirk legg til rette for at norske kommunar får ei godtgjersle for det dei klarer å sortera ut til gjenbruk. Det motiverer kommunane til å gjera ein god sorteringsjobb for å få mest mogleg til gjenbruk.

Han lovar at IVAR skal gjera det dei kan for å legga til rette for gjenbruk av el-artiklar, så lenge Norsirk kan garantera at produkta blir gjenbrukt på ein god måte.

Og med påskjøningsordninga vil kostnadane til eigarkommunane til renovasjonsselskapa gå ned. Det er godt nytt for dei som håpar på ei lågare renovasjonsavgift.

– Dette blir ei fin inntekt for kommunane og vil bidra til å få ned renovasjonsgebyret, seier Stig Ervik i Norsirk.

– Mange skattar som blir kasta

I dag er den såkalla «byttebuå» einaste alternativ for dei som vil gi nytt liv til el-artiklar på Forus. Her kan du kvitta deg med ting du ikkje har bruk for, eller plukka med deg det du vil gratis.

Joakim Kollsgård har sikra seg to Bang & Olufsen-høgtalarar. Han er også positiv til å legga betre til rette for el-gjenbruk.

– Det er bra at alt ikkje hamnar i pressa. Det er mange skattar som blir kasta.