Som første kommune på Nord-Jæren sa Sandnes Bystyre nei til auka bompenger i går. Ikkje ei krone høgare takst var tilbakemeldinga derfrå.
Tidlegare har dei tre jær-kommunane Hå, Time, Klepp og Gjesdal gått inn for auke til 10 kroner pr. passering heile døgnet.
Randaberg avgjer sitt syn først den 1. juni. Men dei sa nei til bomring sist det var oppe.
Sola seier sitt i morgon. Der er det fleirtal for ikkje å auke takstane.
Også Stavanger, som den største kommunen, bestemmer seg i morgon.
Forslaget frå den politiske styringsgruppa som steller med tranportplanen for Jæren er altså at bompengene skal aukast til 20 kroner pr. passering og at bomstasjonane skal vera oppe heile døgnet og heile veka. Det inneber i tilfelle at inntektene til å bygge veg og kollektivanlegg for, aukar frå 60 millionar i året til 320 millionar, noko som er meir enn ei femdobling.