Hopp til innhold

– Bang sa det, så slo døra inn

KARMØY (NRK): Håkon Haakonsen var på bogeskyttar-trening då han plutseleg blei slått ned av ei bølgje. – Eg toler ein støyt, men det var litt dramatisk, seier han til NRK.

Aktivitetshuset på Fredtun ved Skudeneshavn

Slik ser det ut på aktivitetshuset på Fredtun ved Skudeneshavn, etter herjingane på torsdag kveld.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Det var ikkje på Karmøy i Rogaland ekstremvêret «Frank» skulle herja som verst. Så då ei bølgje plutseleg slo inn i treningslokala til bogeskyttarlaget til Håkon Haakonsen, blei dei mildt sagt overraska.

– Det var ingen forvarsel. Me stod på linje tre stykk og skøyt. Bang sa det, så slo døra inn, fortel han om den dramatiske hendinga i aktivitetshuset på Fredtun torsdag kveld.

Det var Haugesunds Avis som først omtalte saka.

Her fossar bølgja inn på Aktivitetshuset på Fredtun ved Skudeneshavn.

Skylt under vatn

Dei andre to klarte å halda seg oppe, men Haakonsen blei slått over ende.

– Eg fór nesten ti meter under vatn. Det fossa inn med vatn. Til og med biljardbordet fløyt. Kan du tenka deg?

Då han kom seg opp stod gjengen til knea i det iskalde vatnet.

Håkon Haakonsen

Håkon Haakonsen har fått varmen i kroppen etter å ha blitt kjølt ned av bølgja som slo inn over han.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Me måtte opp på ei trapp, for det verka som om det aldri tok slutt med vatn som strøymde inn døra. Eg toler ein støyt, men det var litt dramatisk. Mest av alt var det veldig kaldt.

Ingen blei skadde, men det var verre med inventaret i rommet, og bogeskyttarutstyret. Sjølve bygget er av mur.

Dugnad i helga

Allereie i dag var Haakonsen på plass igjen for å sjå på øydeleggingane. Det har gått litt sikringar, og har kome ein del materielle skadar.

På golvet ligg det sorpe, gras og det er til og med steinar som har kome inn i lokala.

Dei satsar derfor på å få gjennomført litt dugnadsarbeid i helga for å få bygget tilbake i fin stand.

Aktivitetslokala på Fredtun

Det er stein, sorpe og gras inne i lokala.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Dagleg leiar ved Fredtun, Geir Sommerfeldt, seier at dei nå må få inn nye biljardbord og bordtennisbord.

Ikkje første gong

– Me har kontakta forsikringsselskapet, og ein takstmann er på veg. Eg blei overraska av kor mykje skadar det faktisk var, då eg kom her i dag, seier Sommerfeldt.

Det er likevel ikkje første gong dei opplever at det har slått bølgjer inn i bygget, sist gong var i februar 2014. Men det har aldri vore folk der når det har skjedd tidlegare.

Dei heftige bølgjene varte i om lag ein time, før det roa seg.

– Det er når vindretninga er slik han var at det kan koma heilt inn her, avsluttar Haakonsen.

Aktivitetshuset er eit betonghus kledd i tre.

Aktivitetshuset er eit betonghus kledd i tre.

Foto: Thomas Halleland / NRK