Hopp til innhold

Blei overrumpla av mørket

Ein russisk mann på 59 år måtte ha hjelp ned frå Preikestolen i går kveld.

Preikestolen

Preikestolen er eit fjellplatå på 25 gonger 25 meter og ruver 604 meter over Lysefjorden i Forsand.

Foto: Olaf Erlend Gundersen / NRK

Russaren som var på tur til turistattraksjonen Preikestolen i Rogaland, hadde ikkje rekna med at det skulle bli mørkt så tidleg som elleve.

Mørket gjorde at han ikkje fann vegen tilbake til Preikestolhytta der han budde.

Heldigvis hadde han telefon, og fekk kontakt med tilsette i hytta. Det blei sendt ut leitemannskap frå Norsk Folkehjelp.

Desse fann russaren på stien etter 20 minutt, og fekk han heilskinna ned.

Flere nyheter fra Rogaland