Ved Sundvegen på Karmøy, staden der Birgitte Tengs vart funnen drepen for over 20 år sidan, er filminga i gong.
Forfattar Bjørn Olav Jahr og filmskapar Bjørn Eivind Aarskog har byrja på det som skal bli ein dokumentarserie om drapet på Birgitte Tengs.
– Det går framover, me har byrja å snakke med folk og gjera intervju. Det er superspanande, seier Jahr.
Boka har lagt grunnlaget
Boka hans "Hvem drap Birgitte Tengs", kom ut i fjor, og dokumentarserien tek utgangspunktet i den.
– Boka har lagt grunnlaget for å kunne laga ein god dokumentar. Der er heile saka gått gjennom frå A til Å. Men så finst det også mange lause trådar i den boka, seier Jahr.
- LES OGSÅ:
For svaret på spørsmålet om kven som drap Birgitte Tengs i 1995, er framleis ikkje svara på.
Målet er oppklaring
Den auka merksemda rundt saka, gir serieskaparane håp om at dei også kan vera med og bidra til å oppklare saka.
– Målet er sjølvsagt at dette kan vera med på å opplyse saka, og at saka kan bli oppklart. Og jakta undervegs, på opplysningar og det som faktisk har skjedd, den er veldig spanande, seier Jahr.