Hopp til innhold

Mange har ringt politiet etter å ha lese boka

Etter at boka om Birgitte Tengs-drapet kom ut, har politiet fått fleire nye tips i den 20 år gamle drapssaka.

Bok om Birgitte Tengs-drapet

BOK FØRTE TIL FLEIRE TIPS: Etter at denne kom ut har politiet fått fleire tips i saka.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Me får stadig inn tips, og i samband med at boka kom ut har me fått fleire nye tips, seier politiadvokat Thor Buberg i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, som leiar etterforskinga.

For to veker sidan kom boka «Kven drap Birgitte Tengs?», frå forfattar og journalist Bjørn Olav Jahr, på marknaden. Det gav ei markant auke i tips for Haugesundspolitiet.

Me veit at det er ein eller fleire som veit kva som skjedde den dagen. Eg ber vedkomande om å melda seg, seie Buberg.

Thor Buberg

POLITIADVOKAT: Thor Buberg

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

– Alle tips blir sjekka

I mai var det 20 år sidan 17 år gamle Birgitte Tengs vart funnen drepen på Karmøy, berre nokre hundre meter frå heimen sin. Politiet har framleis både taktiske og tekniske etterforskarar som jobbar med den uoppklara drapssaka, og tipsa som kjem inn blir, ifølgje Buberg, grundig sjekka.

– Kvart einaste tips me får inn blir behandla ordentleg, og me gjer det som er naudsynt ut ifrå tipset, seier Buberg.

Birgitte Tengs

DREPEN: 17 år gamle Birgitte Tengs vart drepen i 1995.

Foto: Privat

Manglar DNA-bevis

Eit av problema til politiet er mangelen på DNA-bevis. Sjølv om det vart funne ei rekke biologiske spor på Birgitte Tengs, har rettsmedisinarane både her i Norge og i utlandet ikkje klart å laga ein fullstendig DNA-profil. Blant anna vart det funne fem hår på Birgitte som ikkje er hennar eigne, og som politiet ikkje veit kven kjem frå.

– Me har sjølvsagt eit ønskje om å undersøkje det på nytt når teknologien kjem så langt, seier Buberg.

– Kva biologiske spor vil de undersøkja på nytt?

– Det kan eg ikkje gå i detalj om, men det finst biologiske spor som me håpar i framtida kan hjelpa oss.

Har sjekka ut «Dahlstrøm»

I boka «Kven drap Birgitte Tengs» rettar forfattar Bjørn Olav Jahr søkjelyset mot ein spesiell person som han i boka kallar Dahlstrøm. Jahr meiner vedkomande ikkje er sjekka godt nok ut av politiet som mogleg drapsmann, men Buberg seier mannen har vore under etterforsking.

Bjørn Olav Jahr

FORFATTAR: Bjørn Olav Jahr

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Det var opplysingar om vedkomande, men av fleire grunnar vart han lagt vekk. Sidan byrjinga av 2000-talet har me sjekka han med blodprøve for eventuelt å samanlikna han med funn i saka. Det er ingenting i desse prøvane som tilseier at vedkomande er aktuell i saka.

Politiet har fått massiv kritikk for etterforskinga av Birgitte Tengs-drapet, og forfattar Jahr meiner det har gått prestisje i saka. Det avviser Buberg.

– Det kan eg seia med handa på hjartet: den framstillinga kjenner eg meg ikkje att i. Det er slik at den største prestisjesigeren for oss, om eg kan seia det slik, måtte vera å oppklara drapet.