Hopp til innhold

Ber folket om ny spelar

Sandnes Ulf har starta innsamlingsaksjon for å få på plass ein ny spelar, som kan berga dei frå nedrykk.

Tom Rune Espedal

Dagleg leiar i Sandnes Ulf, Tom Rune Espedal, vil ha pengar til ein ny spelar.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Folkets spiller

Logoen til Sandnes Ulf-aksjonen.

Foto: Sandnes Ulf

Målet bak Sandnes Ulf-aksjonen «Folkets spiller» er å få inn 500.000 kroner frå privatpersonar og bedrifter.

– Klubben er ikkje i ein posisjon der me har råd til nye forsterkinga, derfor gjer me det på denne måten seier, seier dagleg leiar i Sandnes Ulf, Tom Rune Espedal, som legg til at dei ønsker eit slagkraftig mannskap i ein lang haustsesong for kampen om eliteserien.

Jumboplass

Etter 14 serierundar ligg Sandnes Ulf heilt sist på tabellen, og det er derfor dei vil forsterka laget.

I går fortalde Asle Andersen til NRK, at det er ein offensiv spelar som står øvst på ønskelista.

Ulf opplyser at aksjonen vil halda fram til og med sundag 28. juli, overgangsvindauget der klubbane kan henta spelarane opnar 15. juli, og stenger 11. august.

Espedal poengterer at dei som bidreg i innsamlinga ikkje får eigardelar i spelaren.

Dette er krava Ulf stiller til ein ny spelar:

  • Spelar med erfaring frå tilsvarande eller høgare nivå
  • Forsvara ein plass på laget direkte
  • Eit mogleg salsobjekt for klubben i framtida.